Utstilling, gardskafe og vandringer i landskapet

Ope gard

Kvar dag frå torsdag 3. august til søndag 13. august kl 12.00-16.00

Velkome til gards på dagtid! For ein kaffe i låvepøbben, for å sjå bilder eller for å sitja på tunet og gjera absolutt ingen ting!

Utstillar i år er Magnar Arn Blix Rudi. Han er kunstmålar med utdanning i klassisk måleri frå Kunstakademiet i Wien. Rudi er også tidlegare elev av Odd Nerdrum, og han arbeider mykje med portrett. I andre arbeid hentar han gjerne motiv frå mytologi, natur og fantasi. Magnar er frå Sør-Fron, og etter å ha bodd andre stader i mange år har han nyleg flytta attende med familie og etablert seg med atelier på heimstaden Lidarheim.

Du kan også oppleva fleire kunstnarar med rotfeste i dalen: Per Rosenberg, Ståle Blesterdalen, Vegard Stalsberg, Rolf Bergdølmo, Berit Sundsli og Jorunn Krag Dahle.

Gratis inngang.

Kontakt oss

Mob 913 85 388
oystein@rudigard.no

Rudi Gard
2647 Sør-fron

 

 LAST NED PROGRAMMET
Lavende saker 2017

"Takk for tilskipinga av ein herleg konsert i eit fantastisk gardstun. Dette som døkk er i ferd med å få til er mest ikkje til å tru ! Nok ein gong takk for storarta innsats for bygdelivet!"

Helsing Storm Øyen frå andre sida av Rondom

 

"HI! My name is Christina Espey-Sundt, I live in New York State, USA. My mother is from Norway and we visit family every summer. Last summer we came to Rudi Gard with my aunt and cousins and saw Odd Nordstoga. It was one of the BEST concerts I have ever been to. He and his band were so great! I was just wondering if you were planning to have Nordstoga at Rudi Gard this summer (2005). Thanks for you help! "