Kulturgarden Rudi - Rudi Gard

Vi dyrkar gode opplevingar

Vi er fire generasjonar som bur på Rudi, og saman med trivlege medhjelparar likar vi å få gjester til gards. Visjonen er å bidra til at Gudbrandsdalen blir betre og meir interessant for oss som bur her, for hyttefolk og tilreisande. Sang, musikk, humor og glede er ein viktig del av opplevinga på Rudi. På scena i Rudilåven står både landskjente artistar og gode folk frå dalen. I blant er det intimkonsert der du virkeleg kjem tett på. Andre kveldar fylles tun og låvar med blide folk i hopetal. Men alltid er det den gode stemninga som blir når folk treffast i trivleg lag og har god tid. Vi håper du finn opplevingar du har lyst på i årets program, og ønskjer velkomen til gards for nittande året på rad!

Helsing Nina og Øystein Rudi

Rudi Gard er en estetisk bonderomantisk opplevelse. Totalt sjarmert av ryllik i vaser her og der, levende lys og levende vertskap. Når det er konsert er lydbildet helt perfekt! Helt uventa fortryllende på en låve.

Eli Ranheim Moen

Vertskap

Nina og Øystein er vertskap på Rudi Gard. Ved sidan av å vera vertinne på Rudi Gard er Nina lektor i norsk, historie og engelsk ved Vinstra Vidaregåande skule. Øystein held i trådane på Rudi til dagleg, og er ved sidan av dette spelemann med mange oppdrag i inn- og utland. Vi er 4 generasjonar som bor saman på garden, og både yngre og eldre generasjonar tek del i drifta saman med ein fantastisk gjeng av om lag 40 medarbeidere som trår til når folk kjem til gards. Lag og foreninger frå regionen er også med i gjennomføringa av store arrangement på Rudi Gard.

Olavsrosa

Som innehavar av Olavsrosa er Rudi Gard ein framifrå eksponent for aktiv formidling av kulturopplevingar og levande kulturarv. Gjennom respekt for gamle tradisjonar, samtidig som vertskapet har vilje og evne til å aktualisere historia i nåtida, synleggjer Rudi Gard Norsk Kulturarvs visjon ”vern gjennom bruk”.

Spelemann

Øystein starta å spelle fele i Sør-Fron Spelemannslag i 1977. Han har vunne landskappleiken tre gonger og har fire Spellemannsprisar i klassa for folkemusikk. Frå 1997 har gruppa KVARTS vore det musikalske hovedankeret. Gruppa har gjeve ut fleire cd’ar, og har vorte tildelt Spellemannspris for to av desse. Gruppa har hatt mange oppdrag i Norge og i utlandet, og har brukt folkemusikken på mange scener der denne sjeldan er presentert.

KVARTS har også laga bestillingsverk mellom anna til Førdefestivalen, Den Norske Folkemusikkveka og Vossajazz. KVARTS har dei siste åra hatt spennande musikalske samarbeid med artistar som Jonas Fjeld, Sondre Bratland, Kringkastingsorkestret, Ragnhild og Eldbjørg Hemsing, Henning Kvitnes med fleire.

Øystein starta å spelle fele i Sør-Fron Spelemannslag i 1977. Han har vunne landskappleiken tre gonger og har fire Spellemannsprisar i klassa for folkemusikk. Frå 1997 har gruppa KVARTS vore det musikalske hovedankeret. Gruppa har gjeve ut fleire cd&’ar, og har vorte tildelt Spellemannspris for to av desse. Gruppa har hatt mange oppdrag i Norge og i utlandet, og har brukt folkemusikken på mange scener der denne sjeldan er presentert.

KVARTS har også laga bestillingsverk mellom anna til Førdefestivalen, Den Norske Folkemusikkveka og Vossajazz. KVARTS har dei siste åra hatt spennande musikalske samarbeid med artistar som Jonas Fjeld, Sondre Bratland, Kringkastingsorkestret, Ragnhild og Eldbjørg Hemsing, Henning Kvitnes med fleire. Ole Bull Akademiet har vore fast oppdragsgjevar i fleire år, og Øystein har der undervisning om feletradisjonen i Gudbrandsdalen. Dei siste åra er fela alltid med ved foredrag og kulturinnslag for bedrifter.

Lokaler

På Rudi så har vi fleire forskjellige lokale som kan benyttast til forskjellige arrangement, alt ettersom kva du har behov for.  Det er Rudilåven, Fjoset, Gamlelåven, Tryskarlåven, Utsiktsverandaen og Utescena som kan benyttast. I dei kan vi lage forskjellige oppsett beregna for sitjande publikum, storkonsert med ståande publikum, intimkonsert eller seminar, og gjestebod/selskap.

Overnatting

Gode samarbeidsbedrifter tilbyr hotell eller høgstandard hytter for sjølvhushald. Dei er alle lokalisert innafor rimeleg køyreavstand frå Rudi Gard. Meir info og booking gjer de direkte.

Rudisetra

Valseter ligg like ved Gålå. Her kan du bo fredeleg i setergrenda mellom to idylliske fjellvatn. Det er kort veg til ei rekkje aktivitetar sommar og vinter. Setra ligg like ved høgfjellsscena der Peer Gynt samlar over 10 000 teaterinteresserte kvar haust i august. Alle hyttene har innlagt strøm, er utstyrt med dekketøy, kjøleskap og kokemoglegheiter, radio og sengetøy.m.

Rudiøl

Vi lager vårt eige handverks-øl på Rudi Gard. Peter Syrten er vår dyktige og pasjonerte bryggjar, og han byr på øl tilpassa både årstid og meny. Vi fører også mange ølsortar frå ulike lokale bryggeri, og alt ligg til rette for ein god ølprat og smakar av ekte øl.

Kunst på Rudi

Rudilåven er visningstad for biletkunst og andre kunstformer. Kvar sommar inviterer vi gode kunstnarar til å syne sine arbeid på Rudi Gard. Sommaren 2018 stiller vi ut bilder av Gjøvik-kunstnaren Trine Håkonsen; «Fellesnevneren for mine kilder, Vigeland, Antony Gomley og Ibsens Peer Gynt er hvordan de forteller historier om menneskets eksistens og livsløp» Vi har også bilder av Vegard Stalsberg, Per Rosenberg, Ståle Blæsterdalen og Jorunn Krag Dahle utstilt på Rudi Gard gjennom året. Utstillingene er tilgjengeleg i samband med alle arrangement, og arbeida er til sals.

Kunstnarar som har vitja Rudi Gard tidlegare:

Morten Krogvold
Oddvar Torsheim
Lars Eivind Bones
Marcel Dufosse
Jorunn Ygre Rogne
Arild Johannessen
Berit Sundsli
Eilin Fonstad
Svein Tore Kleppan
Geir Kleppan
Birte Kittelsen
Jorunn Krag Dahle

Rolf Nerli
Anne Kristine Torsby
Karl Wimmer
Gro Bjørhei
Vigdis Kleiven Sveen
Inger Hilde Engelstad
Rolf Bergdølmo
Einar Sigstad
Arne Nøst
Sigmund Aarseth
Karin Køltzow
Torunn Bråna

Torill Sæther Krekke
Martha Bertheussen
Ragnhild Slåen
Halldis Offigsbø
Kari Mølstad
Yngve Havstad
Roger Eikild Kristoffersen
Berit Sundsli
Anne Nilseng
Anne Louise Tveter
Marit Madshus
Lill Holmsen
Tonje Bones

Samarbeidsbedrifter:

Offentlige medspelarar:

100% Lågå i Vågå av OffCenit || Farge og typografi: Trollbinde