Historiske og høgst levande Rudi Gard ligg idyllisk og inviterande til i solhellinga midt i eventyrlege Gudbrandsdalen. Vertskapet Nina og Øystein Rudi byr i lag med ei mengd gode hjelparar på ypperleg lokalmat, unike konsert- og serveringslokal, og kulturopplevingar frå øvste hylle i ei atmosfære det går gjetord om mellom både artistar og publikum.

I århundrer har vi dyrka korn på Rudi, og dei tjue siste åra har vi òg satsa på å dyrke gode opplevingar. Visjonen vår er å bidra til at Gudbrandsdalen blir betre og meir interessant for oss som bur her, for hyttefolk og for tilreisande.

Sjekk ut programmet – eller ting eit privat gjestebod.

Gleda ved å vera vertskap

Rudi Gard ønskjer å bidra til at bygda og dalen blir meir interessant. Ein litt meir meiningsfull stad å bu. Ein møteplass mellom dalen og verda omkring, med opplevingar for både glede og ettertanke.

Ein gamal nabo sa noko fint på vårt aller første opne arrangement for 22 år sidan: «Tenk – å få oppleva noko slik». Dette strekkjer vi oss etter kvar gong gjester kjem til gards. Vi vil formidle noko som er relevant. Artistar som begeistrar. Det beste i eit moderne og tradisjonsrikt dal­føre. Gode råvarer frå produsentar omkring oss. Flotte lokale ungdommar som tek i mot deg. Kunst som får deg til å undrast.

Vi håper du finn opplevingar etter din smak, og ønskjer hjerteleg velkome til gards!

Olavsrosa

Norsk Kulturarvs kvalitetsmerke Olavsrosa viser veg til eineståande opplevingar rotfesta i den norske kulturarven.

"Som innehavar av Olavsrosa er Rudi Gard ein framifrå eksponent for aktiv formidling av kulturopplevingar og levande kulturarv. Gjennom respekt for gamle tradisjonar, samtidig som vertskapet har vilje og evne til å aktualisere historia i nåtida, synleggjer Rudi Gard Norsk Kulturarv sin visjon vern gjennom bruk."

- Mathias Øvsteng, Norsk Kulturarv

Kunst i Rudifjoset

Fjoset under Rudilåven er visningsstad for biletkunst og andre kunstformer. Kvar sommar inviterer vi gode kunstnarar til å syne sine arbeid på Rudi Gard, og fleire kunstnar stillar ut arbeida sine året rundt. Utstillinga er open i samband med alle arrangement, og arbeida er til sals. Utstillinga består i år av arbeid av:

TORI VIRIK NØVIK

VEGARD STALSBERG

ANNE KRISTINE THORSBY

JORUNN KRAG DAHLE

STÅLE BLÆSTERDALEN

ARNE J. MORTENSEN