Om Rudi Gard

Vertskap
Nina og Øystein er vertskap på Rudi Gard. Vi gler oss stort over å få ta imot folk i gardstunet og at Rudi er ein møteplass for glede og felles opplevingar.
Vi er heldige å vera 4 generasjonar som bor saman på garden, og både yngre og eldre generasjonar tek del i drifta.
Vi er stolte over ein fantastisk gjeng av tilsette som trår til når folk kjem til gards, og i tillegg er lag og foreninger med i gjennomføringa av store arrangement på Rudi Gard.

Spelemann
Øystein starta å spelle fele i Sør-Fron Spelemannslag i 1977. Han har vunne landskappleiken tre gonger og har fire Spellemannsprisar i klassa for folkemusikk.
Frå 1997 har gruppa KVARTS vore det musikalske hovedankeret. Gruppa har gjeve ut fleire cd'ar, og har vorte tildelt Spellemannspris for to av desse. Gruppa har hatt mange oppdrag i Norge og i utlandet, og har brukt folkemusikken på mange scener der denne sjeldan er presentert. KVARTS har også laga bestillingsverk mellom anna til Førdefestivalen, Den Norske Folkemusikkveka og Vossajazz. KVARTS har dei siste åra hatt spennande musikalske samarbeid med artistar som Jonas Fjeld, Sondre Bratland, Kringkastingsorkestret, Ragnhild og Eldbjørg Hemsing, Henning Kvitnes med fleire.
Ole Bull Akademiet har vore fast oppdragsgjevar i fleire år, og Øystein har der undervisning om feletradisjonen i Gudbrandsdalen. Dei siste åra er fela alltid med ved foredrag og kulturinnslag for bedrifter.

 

Lokaler for arrangement

Rudilåven

Nye Rudilåven opna i 2009. Saman med fjoset, silogalleriet og låvepøbben utgjer låven omlag 1000 kvadratmeter med gode lokaler for eit stort spenn av arrangement. Rudilåven er bygd i grovt tømmer, og du sitt under ein spesiell takkonstruksjon av massivt rundtømmer. Mot dalen er det panoramaglas med flott utsikt over Gudbrandsdalen. Vi står for teknisk utstyr som scene, lyd og lysanlegg til alle arrangement. Låvepøbben, fjoset og garderober ligg i direkte tilknyting til låven.

Litt om dei ulike alternativa for oppsett:

Forestilling med sitjande publikum.
Låven har 470 nummererte sitteplassar inkludert galleri på sidene og bak. Oppsett og nummerering er fleksibelt, og på den måten kan vi tilpasse størrelsen på salen slik at denne alltid blir intim.

Storkonsert med ståande publikum
Nokre arrangement som eignar seg best for ståande publikum. Da rydder vi ut alle stolar i salen, men det er fortsatt sitjeplassar på galleri. Ved slike store arrangement er oftast heile tunet og dei andre låvane også i bruk.

Intimkonsert eller seminar
Låverommet kan lett delast i to, og vi sett da gjerne opp ein flyttbar amfi som rommer inntil 120 personar for foredrag eller kulturopplevingar. Den andre halvdelen kan da nyttast til serveringslokale.

Gjestebod og selskap
Vi kan dekke til 250 personar på eitt plan. Med storslått utsikt over Gudbrandsdalen ligg alt til rette for god stemning.

 

Fjoset

Fjoset er sett i stand til serverings- og utstillingslokale. Her kan feststemte gjester benke seg omkring Gudbrandsdalens lengste langbord. Med småbord i tillegg kan vi ta imot 100 personar til bords her.
Ytterste delen av fjoset er veleigna møte- og serveringslokale for inntil 40 personar.
Gamlelåven
Dette var hovedlokalet til og med sommaren 2007, og når den nye låven skulle byggast lagde vi ny tomt og heiste denne til ny tomt nederst i tunet. Gamlelåven er god å ha til servering, foredrag og konsertar i den varme årstida. 

 

Tryskarlåven

Gamal låve frå omkring 1850 som er sett i stand slik at vi kan ta inntil 100 personar til servering i dette lokalet. Tryskarlåven er spesielt mykje nytta i samband med firmaarrangement og matservering i forkant av offentlege arrangement om sommaren. Låven har triveleg atmosfære med dei gamle tømmerveggane inntakte og med gamal redskap frå jordbruksdrifta på veggane. Og Tryskarverket står fortsatt på plassen sin i andre etasje, under kjøringa.....

 

Utsiktsverandaen

Nybygd veranda frå 2004 med god utsikt over bygda. Blir ofte brukt til mottaking, velkomstdrink og servering på vindstille godværsdagar

 

Utescena

Utescena brukes både til store utandørskonsertar som på bilde under, men også til mindre firmaarrangement, foredrag, barneforestillinger med meire. Midt i kulturlandskapet - ei ekte oppleving!

 

Gardsdrift

Rudi er også ein tradisjonell gard. Jorda blir brukt til produksjon av grovfor og beite. Vi driv samdrift med om lag 600 vinterfora sauer. Det er litt skogsdrift, og ein del areal er bortleigd til skiløyper og alpinanlegg på Gålå.

Kontakt oss

Mob 913 85 388
oystein@rudigard.no

Rudi Gard
2647 Sør-fron

 

 LAST NED PROGRAMMET
Lavende saker 2017

"Dette var utvilsomt toppen på turen vår. Og jeg skal love deg at flere av oss vil komme igjen, kanskje alle?. Jeg sprer det ”gode budskap” til alle jeg treffer! Ha en fortsatt fortreffelig høst!"

Bioforsk, Tingvoll

 

"Må få takke for en stor konsertopplevelse på Rudi gard torsdagskvelden. Jonas Fjeld og de amerikanske gutta ga oss en forestilling vi kommer til å huske!" 

Kjersti og Rune