Eva Weel Skram duo - Rudi Gard

Eva Weel Skram duo

Eva har treft ei nerve hos det norske folk, og har etablert seg som ein av landets aller mest folkekjære artistar. Til strålande mottaking slapp ho sitt første norspråklege album «Finne Heim». Ho tok til å syngje på morsmålet etter at ho var med i «Hver gang vi møtes», og etter det har det gått slag i slag for Sogndalsjenta. Publikum kan gle seg over nye favorittar som «Om du vil» og «Hold meg», i tillegg til stev og vakre tolkningar av storheiter som Ole Paus og Henning Kvitnes. Konsertane er smakfullt innpakka i vakre og harmonisk lydbilde frå musikalsk samarbeidspartner, ektemann og gitarist Thomas Stenersen. Saman har dei spelt utselde konsertar på store scener som Operaen og Sentrum Scene i Oslo, Grieghallen i Bergen og Olavshallen i Trondheim. Kombinert med festivaljobbar over heile landet har dette skapt eit trufast og stort publikum, som vender attende gong etter gong.

Det er berre å glede seg til ein stemningsfull konsert!

Bill kr 450,-

Dato:25 Jul 2019
Klokkeslett:20:30
Meny:Heilgrilla entrecôte

Kjøp billett

Samarbeidsbedrifter:

Offentlige medspelarar:

100% Lågå i Vågå av OffCenit || Farge og typografi: Trollbinde