Jonas Fjeld og Kvarts - Rudi Gard

Jonas Fjeld og Kvarts

Jonas Fjeld, folkekjær rockepoet frå Konnerud i Drammen. Etter musikalsk ungdomstid på brune kneiper og støvete danselokal har Fjeld sunge og skrive låter som sitt dønn fast i den norske folkesjela. Ved sidan av «Engler i sneen», «Hun kom» og andre hits har Fjeld snusa på tradisjonsmusikk av ulike slag. Legendarisk er samarbeidet med Rick Danko og Eric Anderson, og likeeins med bluegrassgruppa Chatham County Line.

Kvarts feira 20 år i 2018, mellom anna med to konsertar der vi tok opp att det særdeles trivelege samarbeidet med Jonas Fjeld. Eit samarbeid som starta i 2006, der angloamerikanske tonegangar blandar seg med musikk vi likar å tru er urnorsk. Vel møtt til ein konsert med laus snipp og store øyro både på spelemenn og forhåpentleg også publikum!

Jonas Fjeld – vokal og gitar, Ben Basgaard – vokal og gitar, Jo Asgeir Lie – trekkspel, Øystein Rudi – fele og hardingfele, Tom Willy Rustad – bass, munnharpe, seljefløyte, Erlend Styve – vokal, gitar og dobro og Tor Magne Hallibakken kjører lyden.

Billett kr 450,-

Dato:07 Jun 2019
Klokkeslett:20:30
Meny:Heilgrilla entrecôte

Kjøp billett

Samarbeidsbedrifter:

Offentlige medspelarar:

100% Lågå i Vågå av OffCenit || Farge og typografi: Trollbinde