Kultursjefane sin Gudbrandsdalskveld // Rudi Gard - Rudi Gard

Kultursjefane sin Gudbrandsdalskveld // Rudi Gard

Bjørn Sletten er kultursjef i Sør-Fron, revyartist og musikant. Han har alliert seg med framifrå kollegaer i form av Sel sin energiske kulturpropellen Jertru Torsdotter Stallvik og samfunnsdebattant og Kultursjef Olav Brostrup Müller frå Lillehammer. Sist nemde er og forfattar av det sosialrealistiske verket "Kjedet enebolig - rapport fra provinsen" og brannstiftar med utsegn av typa "kan den siste som flytter frå Gudbrandsdalen sløkke ljoset?"

Dette særs freske, freidige og engasjerte trikløveret set saman eit variert program med gode kulturkrefter, der du kan oppleva mangfaldet i den kulturelle Gudbrandsdalen anno 2018. Ungdommeleg pågangsmot kombinert med ringreven si erfaring funkar!

Billett kr 290,- / 100 under 18 år

Meny: ølbrassiert lammeskank

***

Den historiske og høgst levande kulturgarden Rudi ligg idyllisk og innbydande til i solhellinga midt i Gudbrandsdalen. Eit entusiastisk vertskap byr på ypperleg lokalmat, hjertevarm atmosfære og gjerne ein god prat. Sjekk ut heimesida www.rudigard.no for fleire smakebitar.

Velkomen til gards - vi held ope frå kl 18.

Sted:Rudi Gard
Adresse:Rudivegen, Sør-Fron, 2647 Norway 
Dato:07 Sep 2018
Klokkeslett:20:30
Meny:Øl-brasseriert lammeskank

Kjøp billett

Samarbeidsbedrifter:

Offentlige medspelarar:

100% Lågå i Vågå av OffCenit || Farge og typografi: Trollbinde