Peer Gynt – 30-års jubileumsmiddag - Rudi Gard

Peer Gynt – 30-års jubileumsmiddag

med Per Tofte, Mari Maurstad, Aage Kvalbein, Håkon Sveen, Reidar Stangenes og Ellen Horn

Peer Gynt ved Gålåvatnet feirar 30 år, og Per Tofte spelte hovudrolla dei første åra av eventyret. I samtale med Ellen Horn tek han fram gode og muntre minner frå si tid med Peer ved Gålåvatnet. Det same gjer Mari Maurstad i lag med Aage Kvalbein, og Håkon Sveen og Reidar Stangenes.

Menyen er inspirert av bukkerittet, og råvarene er henta frå Peer Gynt sitt rike; Reinsdyrfilet med blåbærsaus, ovnsbakte mandelpoteter frå Tromsnes i Fåvang, godt tilbehør, og dessert med jordbær frå Kaurstad-bonden i Ringebu!

Ellen Horn avslutter middagen med ein introduksjon til årets Peer Gynt-konsert i Sør-Fron kyrkje: «Solveig» - ei konsertforestilling med Heidi Ruud Ellingsen. Forestillinga tek for seg Solveig si reise i Peer Gynt.

Solveig blir omtala som verdas minste hovudrolle, og med dette stykket ønskjer Heidi Ruud Ellingsen og dramaturg Rolf Kristian Larsen å fortelja hennar versjon av historia; om seg sjølv, sitt liv og om forholdet til Peer Gynt.

Regi: Thorhildur Thorleifsdottir. Komponist og musikar: Erlend Skomsvoll. Musikk: Birger Mistereggen, Håvard Stubø og Elisabeth Lid Trøen.

Jubileumsmiddag: kr 590,- /
Pakkepris inkl konsert»: kr 840,- (ord. 940,-)

Middagen er eit perfekt oppspel til årets Peer Gyntkonsert i Sør-Fron kyrkje, med Heidi Ruud Ellingsen som hovudartist. Billettar til kyrkjekonserten www.peergynt.no

Dato:06 Aug 2019
Klokkeslett:17:00
Meny:Peer på bukken

Kjøp billett

Samarbeidsbedrifter:

Offentlige medspelarar:

100% Lågå i Vågå av OffCenit || Farge og typografi: Trollbinde