Rydvall / Mjelva på Rudi Gard - Rudi Gard

Rydvall / Mjelva på Rudi Gard

Den svenske nyckelharpisten Erik Rydvall og hardingfelespelemannen Olav Luksengård Mjelva fra Røros kjem til Rudi Gard onsdag 17. oktober. Båe er  blant dei fremste folkemusikarane i sin generasjon.  Deira debutalbum som duo, «Isbrytaren» (Heilo) kom i 2013 til svært gode kritikkar. Olav Mjelva vart kåra til årets folkemusiker under Folkelarm same året. “Isbrytaren” vant i tillegg ein Folkelarmpris, og vart også nominert til Spellemannspris i kategorien Folkemusikk og tradisjonsmusikk .

Under Manifestgalaen, Sveriges uavhengige musikkbransjepris, vart albumet nominert i kategorien “Folk”. Under Folk & Världsmusikgalan vant albumet prisen som årets utgivelse.

«Nordens ljud. Här är det» Mikael Strömberg, Aftonbladet, SE

«These two virtuosic fiddlers are having a blast» Songlines, UK

«Snyggt och väldigt elegant spelat» Dagens Nyheter, SE

«Det beste jeg har hørt på lang, lang tid» NRK P2, NO

Rydvall og Mjelva er nysgjerrige musikere, med godt rotfeste i tradisjonane dei kjem frå. Duosamarbeid med hardingfele og nyckelharpe har i svært liten grad vore gjort tidlegare. Repertoar og spillestil på dei to instrumenta er i utgangspunktet svært ulike, men dei to musikarane får kombinasjonen til å låte både naturleg og spennande.

Eit nytt album «Vårdroppar» kom i januar 2016, og er som debutalbumet innspelt i Ål kyrkje i Hallingdal saman med tekniker Tor Magne Hallibakken Som sist er repertoaret tradisjonsmusikk frå Norge og Sverige – ispedd eit par eigne komposisjonar. «Dei kling med liv og lyst og løfter meg høgt opp og ber i seg den same tydelige gløden og fargespelet som gneistar utanfor vindauget mitt.» skriv musiker Arve Henriksen i tekstheftet. Det er ein enda meir samspelt duo med stort musikalsk overskudd vi møter på det nye albumet.

Erik Rydvall kjem frå Västerbotten og har studert nyckelharpespel ved Eric Sahlström Institutet i Tobo og Den Kungliga Musikhögskolan i Stockholm.  Han har dei seinare åra vorte framheva som ein av dei fremste unge nyckelharpeutøvarar, og er kjent for sin energi og virituositet. Erik spelar mellom anna med den prisvinnande  folkmusikktrioen Nordic.

Olav Luksengård Mjelva frå Røros er ein av Norges mest aktive felespelarar. Han er eit grunnleggande medlem i både norsk-svenske SVER og The Nordic Fiddlers Bloc. I tillegg spelar han med Unni Boksasp Ensemble, Frikar, Copper City Ramblers og fleire andre prosjekt. I 2010 fikk Olav Spelemannpris for første soloplata si, og i 2011 fekk han prisen som medlem i Unni Boksasp Ensemble.  Olav er mykje brukt som studiomusiker og har spelt på godt og vel 30 utgivelser. Han er også attraktiv kursinstruktør og dansemusiker både i Norge og i utlandet.

 

 

Sted:Rudi Gard
Adresse:
Dato:17 Oct 2018
Klokkeslett:19:00
Meny:

Kjøp billett

Samarbeidsbedrifter:

Offentlige medspelarar:

100% Lågå i Vågå av OffCenit || Farge og typografi: Trollbinde