Utstilling, gardskafé og vandringer på Rudi Gard - Rudi Gard

Utstilling, gardskafé og vandringer på Rudi Gard

Velkome til gards på Rudi på dagtid! For ein kaffe i låvepøbben, for å sjå utstilte bilete eller for å sitja på tunet og gjera absolutt ingen ting!

Utstillar i år er Magnar Arn Blix Rudi. Han er kunstmålar med utdanning i klassisk måleri frå Kunstakademiet i Wien. Rudi er også tidlegare elev av Odd Nerdrum, og han arbeider mykje med portrett. I andre arbeid hentar han gjerne motiv frå mytologi, natur og fantasi. Magnar er frå Sør­Fron, og etter å ha bodd andre stader i mange år har han nyleg flytta attende med familie og etablert seg med atelier på heimstaden Lidarheim.
Du kan også oppleva fleire kunstnarar med rotfeste i dalen: Per Rosenberg, Ståle Blesterdalen, Vegard Stalsberg, Rolf Bergdølmo, Berit Sundsli og Jorunn Krag Dahle.

Gratis inngang.

***

Den historiske og høgst levande kulturgarden Rudi ligg idyllisk og innbydande til i solhellinga midt i Gudbrandsdalen. Eit entusiastisk vertskap byr på ypperleg lokalmat, hjertevarm atmosfære og gjerne ein god prat. Sjekk ut heimesida www.rudigard.no for fleire smakebitar. Velkomen til gards!

Sted:Rudi Gard
Adresse:Rudivegen, Sør-Fron, 2647 Norway 
Dato:03 Aug 2017
Klokkeslett:14:00
Meny:

Samarbeidsbedrifter:

Offentlige medspelarar:

100% Lågå i Vågå av OffCenit || Farge og typografi: Trollbinde