Väsen, Mukampen og folkemusikklinja VVS - Rudi Gard

Väsen, Mukampen og folkemusikklinja VVS

Väsen - energisk samspel og virtuositet!

Mange har sikkert stilt seg spørsmålet om Väsen er tidenes skandinaviske folkemusikkgruppe? Og mange vil nok kanskje lande på eit ja. Väsen har, med sitt lydbilete, repertoar og uttrykk, gjort eit solid bidrag for å definere folkemusikken i Skandinavia slik me kjenner den i dag. 27 år har dei hatt på vegen til no! Gjer dykk klare til nøkkelharpe, bratsj og gitar i særdeles velklang denne torsdagsskvelden.

 

Olov Johansson nøkkelharpe Mikael Marin bratsj Roger Tallroth gitar

Mukampen Spelemannslag er god kjent og etablert som eit av dei fremste spelemannslaga i landet. Eit musikalsk samarbeid med Väsen har lenge stått på ønskelista til Mukampen, og endeleg let det seg realisere.

Landslinja for folkemusikk ved Vinstra Vidaregåande skule er eit utklekkingsmiljø for unge folkemusikarar. Ei lang rekkje av dei som nå er i toppsjiktet i norsk folkemusikk har folkemusikklinja på Vinstra som eit solid fundament. Også dei blir ein del av konserten saman med Väsen og Mukampen.

 

Billettar kr 190,- / 100,- under 18 år
Forhåndssalg på Ticketmaster.no og sal av billettar også ved inngangen.

Sted:Rudi Gard
Adresse:
Dato:08 Nov 2018
Klokkeslett:19:00
Meny:

Kjøp billett

Samarbeidsbedrifter:

Offentlige medspelarar:

100% Lågå i Vågå av OffCenit || Farge og typografi: Trollbinde