Selskap - Rudi Gard

Selskap

Mange bedrifter og vennegjenger kjem til felles opplevingar på Rudi Gard.  Vi kan rigge Rudilåven for kurs, møter eller festleg lag, og kjøkensjef Wenche Kvebu byr på matopplevingar i særprega lokaler. Morosame og inkluderande konkurranser i landskapet omkring garden kan krydre opplevinga, og gode samarbeidsbedrifter byr på overnatting i nabolaget. Aktivitetar og servering for grupper før forestilling i Rudilåven er eit populært tilbod. Grupper kan også reservere garden for eigne arrangement. Ta gjerne kontakt, så lager vi eit forslag!

For bedrifter

Vi tek ofte i mot bedrifter og organisasjonar til møter og kurs. Rudilåven er veleigna som kurslokal. Romsleg, med god takhøgde og godt teknisk utstyr. Mat og drikke serverer vi gjerne i lokaler ved sidan av låven, slik at dette ikkje hefter den faglege aktiviteten. Og Rudi ligg midt i dalen og køyreavstand er grei både frå sør og nord når deltakarar frå heile dalen skal samlast.

Ofte arrangert sjå oss for bedrifter:

 Et godt måltid før forestilling/konsert.
Kurs/Konferanse/Møte
Jubileum
Dagmøte

For private

Mange vel å feire store dagar på Rudi. Vi har ofte private lag, og vi tek i mot bedrifter som rundar år og skal feire med gode tilsette og gjester. Den særprega stemninga som blir skapt i eit tradisjonsrikt gardstun og i særprega lokaler er noko mange sett ekstra pris på. Gode matopplevingar høyrer med, og med lang erfaring syter vi for ein regi slik at gjestene får ei oppleving som varer.

Ofte arrangert sjå oss for private:

Måltid
Bryllup 
Jubileum

Bryllup

Vi står kvart år for fleire store bryllup, og det er trivleg å få bidra til feiring av ein av livets aller største dagar. Sør-Fron kyrkje ligg berre nokre kilometer frå Rudi Gard og er stasleg for bryllupsseremonien. Etter vigsla er bryllupsgjester velkome til mottaking på Rudi, i tunet eller innomhus om det høver betre. Bryllupsmiddagen foregår i ein festpynta låve, og utover kvelden og natta er det dans og trivleg samvær, kaffe og store kakebord, nattmat og felles glede over den store dagen!

Hei Nina og Øystein
Oss e kjøle takknemmelege for å kunne feire den store dagen på Rudi Gard. Det va rett og slett vidunderlig. Planlegging og forberedelser va ei eit godt samarbeid med døkk og gjekk kjøle fint. Men gjennomføringa va over all forventning.

Både brudeparet og gjestein oss ha prata med følte at bryllupsfeiringa gjekk på skinner. Døkk ska ha en stor del tå æra for detta. I tillegg så var lokal mat, garden, vertskap og helhetsinntrykket tå så høg kvalitet at oss vart skikkeleg stolte tå å vise venner og familie kå fint et bryllup i Gudbrandsdalen er. Stor takk åt døkk. Døkk har en egen evne te å få folk te å føle se tilfreds.

Line Nilstad Dahl og Sigurd Slapgard

Mat til selskapet

I tillegg til egna lokaler for arrangement, så serverer vi også sjølsagt mat. Vi har ein eiga selskapsmeny, og ta kontakt med oss så sender vi deg denne. 

Samarbeidsbedrifter:

Offentlige medspelarar:

100% Lågå i Vågå av OffCenit || Farge og typografi: Trollbinde