FREDAG 29. APRIL KL. 19:00

Ensemblet TRAKTOR

29.04.22

TRAKTOR tek leiken på største alvor og elskar den musikalske kombinasjonen av søtt, salt og syrlig. Kva som kjem ut av Traktormaskineriet veit ein ikkje, og det er der moroa ligg. Med glimt i auget og eit uhøgtidleg alvor blandar dei sjangre like sjølvsagt som plogen vender jorda.

Samtidig som debatten om regionreformen rasa inviterte TRAKTOR seks anerkjente komponistar til å skrive ny musikk til ensemblet, med temaet tilhørigheit som utgangspunkt. Sjølv Wikipedia-teksten om Innlandet har vorte eigen komposisjon, som eit surrealistisk skråblikk på dagens byråkratiske prosessr. Med begrepet unurban ønskjer TRAKTOR å legge til rette for ein lytteropplevelse utan normer og reglar, slik som i kjensla som oppstår når ein er knytt til å leve i, eller kjem frå ein stad som Innlandet.

Billett: 190,-

Praktisk informasjon:

Ensemblet TRAKTOR

TRAKTOR etablerte seg som ensemble i 2011, og sidan har dei stått bak fleire kritikerroste produksjonar. Med den elleville opera-teater-standup forestillinga Testosteron (2018) vart mannekjenslene lagt under kniven. «At en livskrise kan skildres så hysterisk morsomt, kan kanskje bare oppleves når Traktor har en finger med i spillet» (Hamar Arbeiderblad). Samansett av klassiske musikere på svært høgt nivå, har dei produsert konsertar og scenekunst med stort fokus på innovativ formidling, leikenheit og kvalitet. Bak produksjonane ligger ofte eit langt arbeid i idé og konseptutvikling. Traktor har i seinare tid vore aktuelle i samarbeid med nyMusikk Innlandet, Teater Innlandet og RingsakerOperaen.

TRAKTOR er:

Johannes Skyberg, bratsj

Nora Hannisdal, horn

Morten Kristiansen Jota, bassklarinett

John Ivar Knutzen, perkusjon

Kristin Fyrand Mikkelsen, piano

Gunnar Flagstad, piano