TORSDAG 11. AUG KL. 20:30

"Det er hardt å vera bitch"

Iren Reppen med band

11.08.22

Iren Reppen er skodespelar, sanger, teatersjef og var kunstnerisk ansvarleg for Peer Gynt på Gålå i ei årrekkje. I august kjem ho til oss med ei personleg konsertforestilling om makt. Iren Reppen er klar med siste del av ein trilogi om å vera … noko. Det starta med Det e hardt å være mainn, da Iren Reppen var ung skodespelar og artist. Ei rekke erfaringar rikere har ho nå kome fram til at det Det e hardt å være bitch.

Gjennom eigne tekstar til musikk av Svein Gundersen, leiar Iren Reppen og bandet hennar oss gjennom erfaringar og ambisjonar, håp og eit brennande ønskje om å vera god nok.

Billett: 450,-

Praktisk informasjon:

Iren Reppen -

"Det er hardt å vera bitch"

I dette eventyret frå verkelegheita møtar vi ei jente som veks opp med store drømmar. Etter kvart blir drømmane oppfylt, men ho søkjer seg stadig vidare.

Gjennom eigne tekster og til musikk av Svein Gundersen leiar Iren Reppen og bandet hennar publikum gjennom erfaringar og ambisjonar, håp og eit brennande ønskje om å vera god nok. For Iren Reppen fekk makt. Ho var den første kvinnelege teatersjefen ved Hålogaland Teater, den største kulturinstitusjonen i Nord-Norge. Ho har sett seg sjølv og teatret fra ulike sider.

Kven er ein som menneskje, og kven blir ein i rolla som sjef? Kva gjer makt og posisjon med deg? Det er ikkje alltid så enkelt å få auge på kor makta eigentleg ligg, og kva som driv eit menneskje med makt. Er det så artig som alle skal ha det til? Og kva venter eigentleg på maktas øvste topp?