SØNDAG 07. AUG KL. 20:30

Lyden av Lystrup - Geirr Lystrup og Orkester Innlandet

07.08.22

Geirr Lystrup – i Gudbrandsdalen aller mest kjent som tekstsmed i gamaldanstakt. Geirr budde fleire år i Lom, og gav ut plata «Ha ti de» i lag med nokre av dalens beste spelemenn. Geirr er ein av våre mest allsidige visekunstnarar, og denne kvelden er det Orkester Innlandet som blir med på storslått feiring av Geirr sine 50 år som plateartist!

Billett: 390,-

Praktisk informasjon:

Om Geirr Lystrup og Orkester Innlandet

Sidan platedebuten i 1972 med Ti på taket og Måltrostblues har Geirr Lystrup vore ein av dei mest produktive visesangarene i landet. Han har gitt ut meir enn 30 soloalbum, laga fleire musikkteaterstykke, ei rekke bøker og han har motteke fem Spellemannsprisar. Når han skal feire 50 år som plateartist byr han saman med Orkester Innlandet på sine mest kjente sangar som Honninghumla, To tanter dansar tango, Vinden spør, Vals skal bli, Bestefar og Sommar i september.

Strykerensemblet Orkester Innlandet har sidan år 2000 vore kunstnerisk leia av den anerkjente fiolinisten Atle Sponberg. Dei har gitt ut fleire kritikerroste plater med klassisk repertoar, og dei har også medverka på plata Bergtatt med folkemusikkinspirerte verk av Aslak Brimi og Mari Midtli. Med ønskje om ein brei kunstnerisk profil, er det musikalske temaet på Orkesteret si siste plate argentinsk tango. Desse byr Sponberg og Orkesteret på mellom visene til Lystrup.