FREDAG 20. JAN KL. 19.00

TETT PÅ:

Mads Erik Odde Ensamble

20.01.23

Trekkspelar Mads Erik Odde har over fleire år laga slåttar i tradisjonell stil, og fekk i 2020 Spelemannspris for plata «Logne slåtter», som innheldt ein del sjølvkomponert stoff. På denne plata blei det også spelt inn fire spor der Mads Erik hadde med seg strykekvartett. Det gav inspirasjon å spele med denne besetninga, og det siste året har Mads Erik skrive meir musikk for trekkspel og strykekvartett. Alt frå spreke hallingar, livlige reinlenderar og vare marsjer, til lyriske og melodiøse springleikar blir framført på denne turnéen.

Folkemusikkgruppa "Feristu'n", som har sitt utspring frå Folkemusikklina på Vinstra, vil opne konserten. Feristu'n består av Synne Kjøk, Hanne Kjøk og Janne Urkegjerde

Billettsalg i døra.

Ordinær : 250,- | Studenter på musikklinja på Vinstra: 100,-

Velkomen på konsert!

Med seg har Mads Erik eit stjernelag av strykarar:

Bjørn Kåre Odde - fele

Vegar Vårdal - fele

Elin Marie Christensen - bratsj

Ida Malene Kvem - cello

Praktisk informasjon: