TORSDAG 15. SEPT KL. 20:30

MODDI

15.09.22

Visesanger. Bustehovud. Pilegrim. Miljøforkjempar. Når Pål Moddi Knutsen går på scena, veit du aldri heilt kva for ein versjon av senjaværingen du får. Uansett veit du at du kan forvente både storslagen musikk, smittande engasjement og ei glødande nærvær.

I mars kom albumet Bråtebrann, hans første album på norsk sidan spellemannvinnaren Kæm va du? frå 2013. Moddi har vendt heim til Senja, ein stad som har forandra seg fullstendig frå universet han sjølv har pleidd å synge om. Bråtebrann handlar om å bli vaksen i ei tid kor alt endrar seg like raskt som ei sjølv.

Billett: 390,-

Praktisk informasjon:

Moddi begynner også å bli vaksen. I fjor sommar gjekk han som pilegrim fra Oslo til Trondheim, ei vandring på 643 kilometer aleine med gitaren. Undervegs skreiv han songar inspirert av landskapet, menneskja, stillheita og spora etter den tusenårige historia til kristendommen i landet vårt. Resultatet vart urframført under to utsolgte konserter i Nidarosdomen.

Med ein fot i den store verda og den andre heime på Senja befinn Moddi seg alltid i spenn mellom det heimekjære og det søkande, det intime og det spektakulære, det sjarmerande og det ubehagelege. Dei siste åra har dette manifestert seg i samarbeid med alt frå Kringkastingsorkesteret til det lokale smelteverket, frå Fretex til palestinske barnekor – med ei lettheit og sjølvfølgje som vitnar om ein av dei aller mest allsidige artistane vi har i Norge i dag.

MODDI