FREDAG 03.06 KL. 20:30

Storlygerkveld med trekkspelar og artigkar Odd Arne Halaas

03.06.22

Odd Arne Halaas frå Eide på Nordmøre er artigkaren som blander gode historier med god trekkspelmusikk og sang. Det er som å trykke på ein knapp, så rauser det ut melodier og tekster du sjeldan høyrer i dag, frå “Ønskekonserten” på 50-tallet til svingande trekkspelperler. Han har eit enormt repertoar av melodier vi minnes, og humoristen rommer ein usannsynleg flora av sann og usann storlyging.

Billett: 290,-

Praktisk informasjon:

Odd Arne Halaas

Musikeren Halaas er kjent i hele Norden som ein forkjempar for trekkspelmusikk og gammaldans. Han er leder i Norske Trekkspilleres Landsforbund, styreformann i Gammeldansens Hall of Fame og er ein ivrig talsmann for trekkspel- og gammaldansmusikk. Han har også brukt sitt breie talent på Operaen i Kristiansund, i “Spelemann på taket”, som biskop i “Fru Guri av Edøy” på Smøla, og i ei rekke bygdekomedier. I heimbygda har han engasjert seg sterkt i oppbygging av kulturarenaen på Halåssetra.

Han seier sjøl: - Eg er født gammal, har budd i lag med gammalt folk og ete gammal mat. Og dermed er vi i gang.

I covidtida har han bygd opp ønskjekonsert på nettet, der han kvar laurdag samlar skarer av fans frå Nordmøre og Sverige til Australia og USA til ein særskilt krevande sport: Å oppfylle ønskjene om god, gammal norsk musikk med refreng og stor gjenkjenning. Han er høgt på listene over strømma artister på nettet, blant dei 20 mest sette artistane i Skandinavia i 2020-2021.