LAURDAG 04. JUNI KL. 21:30

PostPest-Fest med BYTING

- og trubadur, trekkspel, servering og ståk!

04.06.22

Bandet Byting frå Bø i Telemark er ein slager når vi skal treffes til fest og hygge. I det siste er dei mest kjende som musikarar til serien Rådebank. Gudbrandsdalen bugnar av god mat, og det kan reserverast bord for middag frå kl 18. Utover kvelden blir det godsaker å få kjøpt frå grillen, det blir trubadur i tunet, fest med BYTING og hyggeleg samvær.

Billett: 350,-

ID: 18 år

Praktisk informasjon:

PostPest-Fest med BYTING

PROGRAM:

Kl 18.00 Middag (bordbestilling)

Kl 19.00 Ølsmaking med Olav Grjotheim, Lomb Bryggeri (bestilling)

Kl 20.00 Trubadur Nils Hauk Sande og trekkspelar Martin Brendemoen

Kl 21.00 Varm grill med Anni-pølser og Peer Gynt mat

Kl 21.30 Fest med BYTING

Byting spelar folkrock og country-inspirert musikk med tekstar på klingande bøhæring. Tekstane speilar gjenfortalte eller sjølvopplevde hendingar på godt og vondt, og musikken ærleg og rå. Dette er ein viktig del av Byting sitt uttrykk, som gjer at dei har truffe eit breidt publikum og fått ei stor fanskare.

Thomas Hellekås - vokal og gitar

Magnus Westgaard - bass og kor

Eirik Ask - tangenter

Sondre Gautefald - gitar og kor

Sindre Bakkåker - trommer

Mattias Thedens - hardingfele