TORSDAG 12. OKTOBER KL. 19.00

Espen Finstad, Guri Sørumgård Botheim og Arne J. Mortensen:

Evige jaktmarker - ein kveld om villrein, folk og fjell

12.10.23

Ei gong i tida var folk i fjellområda avhengige av villreinen for å overleve. Nå er det villreinen som er avhengig av oss for å overleve.

Velkome til ein kveld med foredrag, musikk, utstilling, bøker og samtaler om villrein og høgfjell!

Billett kr 150,- ved inngangen.

Arkeolog Espen Finstad held foredraget "Frossen Fortid", om kva vi finn når funn frå fangst og ferdsel smeltar fram frå isen i høgfjellet. I 20 år har Espen Finstad og brearkeogane sikra arkeologiske skattar i iskanten. Dei eldste over 6000 år gamle. Funna er ikkje berre ein budbringer frå fortida, men også om framtida.

Guri Sørumgård Botheim frå Lesja er aktuell med romanen "Høgfjellsmeldinga", som mellom anna tek for seg det dagsaktuelle temaet om kven som har rett til å bruke fjellet og til kva. Denne kvelden kjem ho med tekster om fjellet, villreinen og respekt for naturen.

Arne J. Mortensen har arbeidd med fjellnatur heile yrkeskarriera si, som biolog, oppsynsmann, fotograf, jeger og skribent: "Vi trakkar framleis dei same stiane og ser dei same horisontane som forfedrane våre for lenge, lenge sidan. Min fasinasjon for den felles historia vår er stor og har fulgt med i meir enn 50 år."
Han er årets utstillar i Rudifjoset med fotoutstillinga Evige jaktmarker. Denne kvelden held han også foredrag om villreinen i Rondane - Den lange og den korte historia.

Ope i låvepøbben, og musikkinnslag ved Øystein Rudi og Geir Marius Thorud

Praktisk informasjon:
Dato:
12.10
Foredrag:
19.00
Ope gard:
18.00

Da isen smeltet, kom grådyra. Så kom menneskene. Siden har vi delt markene.

"Villreinen strever for tida. Grådyra, som var en forutsetning for tidlig bosetting i innlandet, som ga oss mat, klær og redskaper, er plutselig blitt et problem. Vi eter oss innpå dens marker. Mine bilder på årets utstilling på Rudi Gard har flere svart-hvitt bilder enn tidligere. Men mørke skyer har ofte en lys kontrast... Jeg håper bildene kan speile noe av dagens utfordringer. Velkommen til utstillingen EVIGE JAKTMARKER!" - Arne J. Mortensen