Selskap

Gardstunet på Rudi og det Gudbrandsdalske kulturlandskapet er ei herleg ramme for feiring av store dager. Rudi er kjent for godt servering, og med god planlegging og regi skaper vi minnerike selskap.

 

Eit godt måltid før forestilling
Ta med familie eller vennegjengen og reserver bord for eit godt måltid før konsert, forestilling eller fest på Rudi Gard. Kvelden starer saman med nære venner omkring eit hyggeleg bordsete. Etter måltidet er det store opplevingar i Rudilåven, og trivleg stemning i låvepøbben og gardstunet utover kvelden.

 

Bryllup
Vi står kvart år for fleire store bryllup, og det er trivleg å få bidra til feiring av ein av livets aller største dagar.
Sør-Fron kyrkje ligg berre nokre kilometer frå Rudi Gard og er stasleg for bryllupsseremonien.. Etter vigsla går turen rett til mottaking på Rudi, i tunet eller innomhus om det høver betre. Bryllupsmiddagen foregår i ein festpynta låve, og utover kvelden og natta er det dans og trivleg samvær, kaffe og store kakebord, nattmat og felles glede over den store dagen

Hei Nina og Øystein
Oss e kjøle takknemmelege for å kunne feire den store dagen på Rudi Gard. Det va rett og slett vidunderlig. Planlegging og forberedelser va ei eit godt samarbeid med døkk og gjekk kjøle fint. Men gjennomføringa va over all forventning. Både brudeparet og gjestein oss ha prata med følte at bryllupsfeiringa gjekk på skinner. Døkk ska ha en stor del tå æra for detta. I tillegg så var lokal mat, garden, vertskap og helhetsinntrykket tå så høg kvalitet at oss vart skikkeleg stolte tå å vise venner og familie kå fint et bryllup i Gudbrandsdalen er. Stor takk åt døkk. Døkk har en egen evne te å få folk te å føle se tilfreds.
Line og Sigurd Slapgard

 

Jubileum
Vi lager gjerne istand bursdagar og andre jublileum. Med god servering, artistar og program som høver anledninga skaper vi minnerike festkveldar.

Kontakt oss

Mob 913 85 388
oystein@rudigard.no

Rudi Gard
2647 Sør-fron

 

 LAST NED PROGRAMMET
Lavende saker 2017

"Tusen takk for heilt uslåeleg mottaking. Veret var bra, den nye scena var topp og publikum var i tillegg til å vera i hopetal veldig trivelege dei også. Det vart ei kort men god vitjing i Gudbrandsdalen. Vonar at denne musikken kan vera velkomne i dei trakter også ein annan gong. "

Beste helsing Odd Nordstoga

 

"Takk for tilskipinga av ein herleg konsert i eit fantastisk gardstun. Dette som døkk er i ferd med å få til er mest ikkje til å tru ! Nok ein gong takk for storarta innsats for bygdelivet!"

Helsing Storm Øyen frå andre sida av Rondom