Midt i solhellinga med utsyn over eventyrlege Gudbrandsdalen kan du nyte eit betre måltid, gå på konsert med framifrå artistar, eller invitere til private møte og selskap.
I århundrer har vi dyrka korn på Rudi, og dei siste tjue åra har vi og satsa på å dyrke gode opplevingar.

Dyrkar gode opplevingar

Kommande arrangement

Dette året markerar vårt 25. med konsertar og forestillinger, og meir enn 500 arrangement med billettsal er gjennomført. Og med arrangement for bedrifter, bryllup og feiringer av mange slag blir talet mykje meir enn dobla.

Vi håpar samvær og kortreiste lykkestunder kan gjera godt! Når mange av våre beste artistar kjem til gards, er også intensjonen vår å bidra til å gjera bygda og dalen litt meir attraktiv og levande.

Velkome til gode opplevingar i Rudilåven i 2024!

FREDAG 22.11 - kl. 19.00
LAURDAG 23.11 - kl. 19.00

Rudi Gard feirer 25 år med storvegs jubileumsforestilling

Vi feirer 25 år med konsertar og arrangement på Rudi!

Kvarts med Birger Mistereggen og Vegard Moshagen er kveldens husorkester, og på scena kjem Henning Kvitnes, Sigmund Kveli & Håkon Sveen, Knut Buen, Kari Hanne Rudrud, Eskil Meldal og Synnøve Brøndbo Plassen.

Det blir bål, fakler og godstemning i tunet. I fjoset byr vi på raus velkomstdrink og småsmakar der råvarer frå Gudbrandsdalen får skinne. Etter forestilling blir det servert ei god og varm supe, og det blir ope hus utover førjulskvelden.

Velkome til jubileumsfeiring!

FREDAG 13.12 - kl. 18.00

Jul med valdresmål... og meining

For tredje år på rad spelar kvartetten Gaute Lein, Lars Jemterud, Ørnulf Dyve og Kasper Dyve konsert i kyrkjene i Valdres før jul, og i år tek dei også turen til Rudi.

Sjølv om både Gaute og Ørnulf turnerer store delar av året med flaggskipet STAUT, er begge samde om at jula med konsertane heime i Valdres byr på noko nært og unikt, som dei kanskje ikkje opplever elles i året.

Sidan heile konserten føregår på heimedialekta, og samtidig inneheld både musikk, historier og poesi, fall tittelen heilt naturleg for dei fire gutane.

Vi er heldige som får ta i mot dei når dei kjem over fjellet. I tillegg blir Vegard Moshagen og Øystein Rudi med som gjesteartistar. Vel møtt til konsert!

Gi bort ei god oppleving!

Den perfekte gåva til den som har alt! Gåvekortet kan nyttast i samband med konsert og matopplevingar på Rudi Gard.

Programmet for kommande arrangement blir fortløpande publisert på nettsida. Er du nyfiken på kven som har besøkt oss tidlegare finn du det i oversikten her.

Gåvekortet kan du enkelt kjøpe under, og det kjem tilsendt på e-post på minuttet.

«Det er sommarkveld, og varmt og godt i været. Marka er grøn og mange vil ut og treffes. Latteren sit laust. På grillen surrar godsaker frå Anni’s og Dølakjøtt. Grjotheimen frå Lom Bryggeri fortel om malt og humle. Praten og musikken går i tunet, og lokale stjerner og landskjende artistar leverer perler frå scena på Rudi Gard.»

Omtrent slik går det an å glede seg til sommaren som kjem! Og aldri før har det kjentes meir meiningsfullt å invitere til fellesskap og samvær. Når mange av våre beste artistar kjem til gards i løpet av sommaren og hausten, er også intensjonen vår å bidra til å gjera bygda og dalen litt meir attraktiv og levande. Og i det grøne skiftet er det god latin å tilby kortreiste kulturopplevingar av beste merke i ein levande dal.

Velkome til nye gode opplevingar på Rudi Gard!

Helsing Nina og Øystein Rudi

Nina og Øystein Rudi
Nina og Øystein Rudi
Kim Rysstad Julekonsert Rudi Gard
Kim Rysstad Julekonsert Rudi Gard

Årets julekonsert 2023 med KORK, Kim Rysstad og gjester

I fjor Oslo Spektrum – i år Gudbrandsdalen og Rudi Gard!

Opptaket av konserten var sendt på eit fargefjernsyn nær deg fredag 22. desember kl. 20.05.

Hovudartist i lag med KORK er Kim Rysstad. Gjennom solid innsats i NRKs Stjernekamp song han seg inn i den norske folkesjela, og Kim har med seg sin faste gitarist Trym Bjønnes og fleire fine gjester. Dei unge si stemme blir bore fram av dei syngjande og felespelande tvillingane Hanne og Synne Kjøk og folkesangeren Martin Steinum Brun, alle frå Gudbrandsdalen. Den prisbelønte sørsamiske joikaren og songaren Marja Mortensson frå Svahken Sïjte i Engerdal gjestar scena, og dirigent for det heile er Karl Johan Ankarblom.

Velkome til ei storhending i Rudilåven!

Mingling i tunet Rudi Gard
Mingling i tunet Rudi Gard

Selskap og festlege lag

Mange bedrifter og vennegjenger kjem til felles opplevingar på Rudi Gard. Vi kan rigge Rudilåven for festleg lag, kurs eller møter, og kjøkensjef Wenche Kvebu byr på matopplevingar i særprega lokaler. Morosame og inkluderande konkurranser i landskapet omkring garden kan krydre opplevinga, og gode samarbeidsbedrifter byr på overnatting i nabolaget.

Aktivitetar og servering for grupper før forestilling i Rudilåven er eit populært tilbod. Grupper kan også reservere garden for eigne arrangement. Ta gjerne kontakt, så lager vi eit forslag!

Gardsovernatting i stabbur Rudi Gard
Gardsovernatting i stabbur Rudi Gard

Overnatting

Kva med ei natt eller tre i tømmerstabbur med alle fasilitetar? Eller kva med eit romantisk setertun eller eit historisk eldhus?

Vi har senger til utleige både på garden og på Rudisetra. På garden bor du midt i det Gudbrandsdalske kulturlandskapet, med åkrar, beiter, og stiar på kryss og tvers. Og med kort avstad om du skal på konsert eller middag i Rudilåven. Setra ligg idyllisk mellom Gålåvatnet og Valsvatnet, med dyr på beite og morgodukkert i Valsvatnet som ein frisk start på dagen.

Vi har også gode samarbeidspartnarar i rimeleg gå og køyreavstand med unike overnattingstilbod.