
Dyrkar gode opplevingar
Med utsyn over eventyrlege Gudbrandsdalen kan du nyte eit betre måltid, gå på konsert med framifrå artistar, kunstutstilling eller invitere til private møte/selskap.
Hovudsesongen er på sommarstid, men husa er vinterisolerte og det knitrar frå peisen også vinterstid.
«Det er sommarkveld, og varmt og godt i været. Marka er grøn og mange vil ut og treffes. Latteren sit laust. På grillen surrar godsaker frå Anni’s, Peer Gynt mat og Dølakjøtt. Grjotheimen frå Lomb fortel om malt og humle. Praten og musikken går i tunet, og lokale stjerner og landskjende artistar leverer perler frå scena på Rudi Gard.»
Omtrent slik går det an å glede seg til sommaren som kjem! Og aldri før har det kjentes meir meiningsfullt å invitere til fellesskap og samvær. Langvarig pandemi, som går rett over i meiningslaus krig gjer kvardagen utfordrande for mange. Vi håpar samvær og kortreiste lykkestunder kan gjera godt! Når mange av våre beste artistar kjem til gards i løpet av sommaren og hausten, er også intensjonen vår å bidra til å gjera bygda og dalen litt meir attraktiv og levande. Og i det grøne skiftet er det god latin å tilby kortreiste kulturopplevingar av beste merke i ein levande dal.
Velkome til gode opplevingar på Rudi Gard sommaren 2022.
Helsing Nina og Øystein Rudi


Låvende Saker 2022
Fredag 29. april - Ensemblet TRAKTOR
Fredag 6. mai - Folkemusikklinja på Vinstra og spelmannslag
Fredag 3. juni - Trekkspelar og artigkar Odd Arne Halaas
Laurdag 4. juni - PostPest-Fest med BYTING
Laurdag 11. juni - Korps til tusen
Laurdag 6. aug - «Dølarockens festkveld» med Baksia, Hillbabies og Arild Skar
Søndag 7. aug - Lyden av Lystrup med Geirr Lystup og Orkester Innlandet
Tysdag 9. aug - «Gudspartikkelen» med Svein Tindberg
Torsdag 11. aug - Iren Reppen med band
Torsdag 25. aug - Bjørn Tomren med band
Fre. 26 - 27. aug - Spelmannstreff på Rudi
Torsdag 8. sept - "Tett på" Bjørn Kåre Odde og Espen Wensaas
Laurdag 10. sept - Haustfest med STAUT
Torsdag 15. sept - MODDI
Søndag 02. okt - Mitt spelmannsliv: Arve Tellefsen
Torsdag 13. okt - "Tett på" Randi Marie med band
Fredag 21. okt - "Tett på" Erlend Viken Trio
Onsdag 9. nov - "Tett på" Ørnulf Juvkam Dyve
Fredag 11. nov - Tullprat og råspeling med Bjørn Kleiven, Egil Skurdal, Odde & Thorud
Fredag 20. jan - Mads Erik Odde Ensemble


Selskap og festlege lag
Mange bedrifter og vennegjenger kjem til felles opplevingar på Rudi Gard. Vi kan rigge Rudilåven for festleg lag, kurs eller møter, og kjøkensjef Wenche Kvebu byr på matopplevingar i særprega lokaler. Morosame og inkluderande konkurranser i landskapet omkring garden kan krydre opplevinga, og gode samarbeidsbedrifter byr på overnatting i nabolaget.
Aktivitetar og servering for grupper før forestilling i Rudilåven er eit populært tilbod. Grupper kan også reservere garden for eigne arrangement. Ta gjerne kontakt, så lager vi eit forslag!


Overnatting
Kva med ei natt eller tre i tømmerstabbur med alle fasilitetar? Eller kva med eit romantisk setertun eller eit historisk eldhus?
Vi har senger til utleige både på garden og på Rudisetra. På garden bor du midt i det Gudbrandsdalske kulturlandskapet, med åkrar, beiter, og stiar på kryss og tvers. Og med kort avstad om du skal på konsert eller middag i Rudilåven. Setra ligg idyllisk mellom Gålåvatnet og Valsvatnet, med dyr på beite og morgodukkert i Valsvatnet som ein frisk start på dagen.
Vi har også gode samarbeidspartnarar i rimeleg gå og køyreavstand med unike overnattingstilbod.