Opplev Gudbrandsdalen på sitt aller beste

Vi har senger til utleige både på garden og på Rudisetra. På garden bor du midt i det Gudbrandsdalske kulturlandskapet, med åkrar, beiter, og stiar på kryss og tvers. Og med kort avstad om du skal på konsert eller middag i Rudilåven. Setra ligg idyllisk mellom Gålåvatnet og Valsvatnet, med dyr på beite og morgodukkert i Valsvatnet som ein frisk start på dagen.

Seterhus på Valsetra

Valseter ligg rett ved skiløypenettet på Gålå, 20 minutt i bil frå Rudi Gard. Her bur du fredeleg i setergrenda mellom to idylliske fjellvatn. Kort veg til ei rekkje aktivitetar sommar og vinter. Setra ligg like ved høgfjellsscena der Peer Gynt samlar teaterinteresserte kvar haust i august. Alle hyttene har innlagt strøm, dekketøy, kjøleskap og kokemoglegheiter, radio og sengetøy.

Overnatting på garden

Vi ynskjer velkomen til suite og dobbeltrom, i nyrenoverte stabbur og gardshus i tunet på Rudi. Bad med toalett og dusj tilknytta alle einingar. Nokre har òg kjøken for sjølvhushald. På Rudi vaknar du i historiske omgivnader med moderne komfort.

Overnatting hos gode samarbeidspartnarar

Kring oss tilbyr gode samarbeidsbedrifter unike overnattingsopplevingar, anten de ønskjer overnatting på historisk storgard, svevande i telt mellom tretoppane eller på elegant boutique-hotell i fjellheimen. Dei er alle lokalisert innafor rimeleg gå eller køyreavstand frå Rudi Gard.

Sygard Grytting | 61 29 85 88 | grytting.com

Eventyrlige opplevelser | 905 10 068 | eventyrligeopplevelser.no

Hundorp Dale Gudbrands Gard | 911 58 938 | frich.no/dale-gudbrandsgard

Skåbu fjellhotell | 612 95 500 | skabufjellhotell.no

Venabu fjellhotell og hytter | 61 29 32 00 | venabu.no

Lundes | 975 84 043 | lundes.no