Selskap på Rudi

Ein fin sommar eller haustkveld i Gudbrandsdalen er ei oppleving i seg sjølv. I dalbotnen svingar Lågen seg roleg, og i dalsidene blir jorda dyrka mellom velstelte gardstun. Klima og jordsmonn gjev smak til fenomenale råvarer. Dalen er kjent for godt husdyrhald, og fjellet er rikt på vilt og fisk. Slike råvarer er viktige når vi dekker bordet for eit godt måltid på Rudi Gard.

Mange bedrifter og vennegjenger kjem til felles opplevingar hos oss. Aktivitetar og servering før forestilling i Rudilåven er eit populært tilbod. Vi kan rigge lokalane våre for festleg lag, kurs eller møter, med intim stemning for alt frå 10 til 500 personar. Morosame og inkluderande konkurranser i landskapet omkring garden kan krydre opplevinga, og gode samarbeidsbedrifter byr på overnatting i nabolaget.

Ta gjerne kontakt, så lager vi eit forslag!

Møter og kurs

Vi tek ofte i mot bedrifter og organisasjonar til møter og kurs. Rudilåven er veleigna som kurslokal. Romsleg, med god takhøgde og godt teknisk utstyr. Mat og drikke serverer vi gjerne i fjoset under låven, slik at dette ikkje hefter den faglege aktiviteten. Rudi ligg midt i dalen og køyreavstanden er grei både frå sør og nord når deltakarar frå heile dalen skal samlast.

Ofte arrangert hjå oss for bedrifter:
  • Eit godt måltid før forestilling/konsert.

  • Kurs/Konferanse/Møte

  • Jubileum

Festlege lag

Mange vel å feire store dagar på Rudi. Vi har ofte private lag, og vi tek i mot bedrifter som rundar år og skal feire med gode tilsette og gjester. Den særprega stemninga som blir skapt i eit tradisjonsrikt gardstun og i unike lokaler er noko mange sett ekstra pris på. Gode matopplevingar høyrer med, og med lang erfaring syter vi for ein regi slik at gjestene får ei oppleving som varer.

Ofte arrangert hjå oss for private:
  • Gode måltid

  • Jubileum

  • Bryllup

Bryllup

Vi står kvart år for fleire store bryllup, og det er trivleg å få bidra til feiring av ein av livets aller største dagar. Sør-Fron kyrkje ligg berre nokre kilometer frå Rudi Gard og er stasleg for bryllupsseremonien. Etter vigsla er bryllupsgjester velkome til mottaking på Rudi, i tunet eller innomhus om det høver betre. Bryllupsmiddagen foregår i ein festpynta låve, og utover kvelden og natta er det dans og trivleg samvær, kaffe og store kakebord, nattmat og felles glede over den store dagen!

La oss slå av ein prat!

Billetter, bordreservasjon, eller planlegging av drømmedag?
Ta kontakt med Øystein, så hjelper han deg vidare.

Det rause Rudi-måltidet

Kulinariske augeblikk står sentralt for opplevingane hos oss. Eit måltid på Rudi skal væra raust, smakfullt og gjerne nyskapande. Samtidig er det bygd på tradisjon og ferske norske kvalitetsråvarer – aller helst frå dei mange dyktige produsentane omkring oss.

Vi brygger òg vårt eige handverksøl, som du kan finne på Rudilåven, saman med mange ølsortar frå ulike lokale bryggeri. Peter Syrten er vår dyktige og pasjonerte bryggjar, og han byr på øl tilpassa både årstid og meny.

Rudi Gard står for kvalitet og verdier som er i tråd med våre verdier, og bidrar til et imponerende mangfold av kultur, mattradisjoner og gode opplevelser til glede for både døler og tilreisende. Derfor samarbeider vi aktivt med Rudi Gard.

Adm banksjef Per Ivar Kleiven, Sparebank 1 Gudbrandsdal

Oss e kjøle takknemmelege for å kunne feire den store dagen på Rudi Gard. Det va rett og slett vidunderlig. Planlegging og forberedelser va eit godt samarbeid med døkk og gjekk kjøle fint. Men gjennomføringa va over all forventning.

Både brudeparet og gjestein oss ha prata med følte at bryllupsfeiringa gjekk på skinner. Døkk ska ha en stor del tå æra for detta. I tillegg så var lokal mat, garden, vertskap og helhetsinntrykket tå så høg kvalitet at oss vart skikkeleg stolte tå å vise venner og familie kå fint et bryllup i Gudbrandsdalen er. Stor takk åt døkk. Døkk har en egen evne te å få folk te å føle se tilfreds.

Line og Sigurd

Dette var utvilsomt toppen på turen vår. Og jeg skal love deg at flere av oss vil komme igjen, kanskje alle? Jeg sprer det «gode budskap» til alle jeg treffer!

Bioforsk, Tingvoll

Tusen takk for et helt fantastisk opphold på Rudi Gard! Konsert, forberedelser, gården og omgivelsene som ramme og det kulinariske, ja hele opplevelsen totalt sett var rett og slett makeløs for alle oss i NRK-flokken. Alt godt fra alle oss!

John Fullmann, KORK