Kommande arrangement
I over 25 år har vi arrangert konsertar og forestillinger på Rudi. Meir enn 500 arrangement med billettsal er gjennomført, og med arrangement for bedrifter, bryllup og feiringer av mange slag blir talet mykje meir enn dobla. Vi håpar samvær og kortreiste lykkestunder har gjort godt!
Her finn du programmet for vinteren. Når mange av våre beste artistar kjem til gards, er intensjonen vår å bidra til å gjera bygda og dalen litt meir attraktiv og levande.
Velkome til nye opplevingar i Rudilåven!
2026
Laurdag 24. jan | Plateslepp med SKROT
Laurdag 7. feb | Øystein Sunde og Meget i Sløyd
Søndag 6. mars | Frå Brumunddal til Nidaros: Tre karer — tre klubber — tre kyrkjer med Per Arne Dahl, Lewi Bergrud og Thor Erik Fjellvang
Tysdag 4. og Onsdag 5. aug | Bryllupet på Hægstad - i samarbeid med Kulturfestivalen Peer Gynt
FREDAG 19.12 - kl. 19.00
Jul med Valdresmål og Meining
Jul med Valdresmål og Meining debuterte utanfor Valdres i førjulstida 2024. Rudi Gard var første stopp utanfor eige dalføre, og det vart ein braksuksess.
Med enorm oppslutning på heimebane har denne særeigne førjulsforestillinga dei siste åra vorte eit av årets høgdepunkt for kvartetten Gaute Lein, Lars Jemterud, Ørnulf Dyve og Kasper Dyve. Sjølv om både Gaute og Ørnulf turnerer store deler av året med flaggskipet STAUT, er begge skjønt enige om at jula med konsertane i Valdres og omegn byr på noko nært og eige, som dei kanskje ikkje opplev ellers i året.
Vi er heldige som får ta i mot dei når dei kjem over fjellet. Vel møtt til konsert!


LAURDAG 24.01 - kl. 19.00
Plateslepp med SKROT
SKROT slepp sitt første album, og det feirast med konsert og dansefest på Rudi Gard!
SKROT er:
Ane Stakston Aasen, Ragna Valde Sletten, Steinar Odde, Vegard Hansen, Semon Harerusten, Simen Håland og Gro Visdal


LAURDAG 07.02 - kl. 19.00
Øystein Sunde og Meget i Sløyd
Framsyninga byrja livet sitt på Chat Noir hausten 2021 til femmarar på terningane frå både Aftenposten, Nettavisen og Dagsavisen. Etter Chat Noir har det kome nye songar seglande, får vi vite, og visesongaren er tydeleg oppstemt og selskapssjuk i høve til det nye stoffet.
Det blir skråblikk på alt vi held på med til dagleg, nokre gjenhøyr med songar og historier frå eit langt liv på scena og i studio. Og sjølvsagt eit nytt kapittel i «Soga om Harald Jordfresar».
Velkomen til ei ny forestilling med Øystein Sunde!


SØNDAG 08.03 - kl. 19.00
Frå Brumunddal til Nidaros: Tre karer — tre klubber — tre kyrkjer
Med Per Arne Dahl, Lewi Bergrud og Thor Erik Fjellvang
I vinter legg ein prest, ein songar og ein pianist ut på ei vekes reise der dei skal snakke, og syngje, om sårbarheita si kraft. Krafta som peikar mot sentrum av trua: Nåda, og nåda si makt til å gjenskape og gjenopprette.
Tekstene blir framførte av den folkekjære presten og forfattaren Per Arne Dahl. Det musikalske blir skapt av Lewi Bergrud og Thor Erik Fjellvang, teamet bak «Salmer på pøbb», konseptet som har fylt konsertsalar og pøbbane over heile landet.


Tysdag 04.08 | Onsdag 05.08
Bryllupet på Hægstad
I samarbeid med Kulturfestivalen Peer Gynt
Bryllupet på Hægstad er ein uforglemmeleg mat- og teateropplevelse i hjertet av Gudbrandsdalen!
Saman med Kulturfestivalen Peer Gynr gjenskapar vi det berømte Bryllupet på Hægstad frå Henrik Ibsens Peer Gynt – med fest, dramatikk og musikalske høgdepunkt.


Tidlegare arrangement
SØNDAG 07.12 - kl. 19.00
Vintersong med Sigrid Moldestad & HazeliusHedin
Esbjørn Hazelius og Johan Hedin er blant Sveriges største folkemusikkstjerner. Dei har ein ekstra nerve i samspelet, som berører sterkt. Dei turnerer stadig, gjev ut plater og har eit stort nordisk publikum. Det same gjeld Sigrid Moldestad, som også har fleire plater bak seg og er kjent for sterk formidling og rørande songer. Trioen turnerer både i Norge og Sverige før jul.
Sigrid Moldestad – sang/hardingfele/fele
Esbjørn Hazelius – cittern/gitar/fele/sang
Johan Hedin – nyckelharpe/cittern/sang


LAURDAG 06.12 - kl. 19.00
Julekonsert med Otta Musikkforening og venner
Otta musikkforening er kjent for sine glitrande julekonsertar, og det er ei ære når dei tek med seg gode solistar og kjem på besøk i Rudilåven.
Vox Vaala medverkar, og solistar er Mari Midtli og Jørgen Ryen. Edin Johan Høier er pianist.


LAURDAG 22.11 - kl. 19.00
Førjulssmakar, musikk og gode historier med Kvarts
Vi byr på rakfisk, sylt, lefse og andre smaker som høyrer til i førjulstida, og alle som kjem denne kvelden får bord i Rudilåven. Matgildet tek til kl. 19.
Når vi er mette og gode kjem Kvarts på scena. Dei har 27 år i lag som gruppe, og har vore med på mykje både åleine og saman med kjende norske artistar i ulike sjangere. Til dagleg er Tom Willy Rustad, Jo-Asgeir Lie, Erlend Styve og Øystein Rudi aktive i mange roller i kulturlivet, og slikt blir det gode historier av. Nokre av desse får du høyre, som krydder til musikk frå alle landsdelar og vel så det.
Velkome til ein kveld med god mat, god drikke, god musikk og humor!


LAURDAG 08.11 - kl. 19.00
Vindens Hjul – legendarisk folkemusikkmesse!
Henning Sommerro, John Pål Inderberg, Solheimkoret og Dalakopa
Gammeldansmessa «Vindens Hjul» vart skrive av Henning Sommerro til 350-årsjubileet på Røros i 1994. Bakgrunn er gruvemiljøet og forteljingane til Johan Falkberget. Etter det er messa framført ei rekke gonger, og har vorte kultrepertoar. Likevel - med Henning Sommerro og John Pål Inderberg si leikne tilnærming, eit fleksibelt og veltrimma Solheimkor, og ringrevane i Dalakopa blir ingen konsert lik. Musikken og nerven lever, etter meir enn 30 år.


ONSDAG 05.11 - kl. 19.00
"Sexy nok" - Iren Reppen
Hausten 2025 kan du oppleva Iren Reppen og bandet hennar. Med nye låtar i bagasjen blir dette ei heilt ny konsertforestilling, Sexy Nok. Det blir rocka, det blir vakkert, det blir sårt og det blir moro. Og ikkje minst - Sexy nok.
Iren seier: Det krev litt av ei vaksen dame å si «Hei, mitt navn er Iren Reppen og jeg er sexy nok». Ganske mye faktisk. Sånt seier ein ikkje. Eg seier det aldri. Berre på konserten. Unikt. Eg kan ikkje by på modellkropp, eg byr ikkje på rynkefri hud og ei heller mystisk image. Ikkje i det heile tatt. Eg tilbyr denne konsertforestillinga i staden. Vi lever i ei tid kor det å bli eldre ofte blir definert som unaturleg - og unødvendig! Og ikkje minst: svært usexy. Namnet mitt er Iren Reppen og eg er sexy nok. Takk.
Ei heilt ny konsertforestiling, der ein også får høre både «Pene menn», og «Bare du». Humor og varme preger konsertane til Iren, og denne er intet unntak. På scena Iren Reppen, Håvar Bendiksen og Johannes Winther Farstad.


TYSDAG 04.11 - kl. 19.00
Tett på Bjørn Kåre Odde og Espen Wensaas
Espen Wensaas og Bjørn Kåre Odde har sett ny standard for samspel mellom gitar og fele i sitt møte med slåttemusikken frå Gudbrandsdalen. Utgangspunktet er dei gode melodiane og effektfulle arrangement som bygger opp under originaliteten til kvar slått. Det er ujålete, rett fram og dansbart, og båe instrumenta er likeverdige.
Deira første plate, Lilleslåtter frå 2022, vart nominert til Folkelarmpris i klassa Tradisjonelt samspel.


TORSDAG 11.09 - kl. 19.00
Velkomen - Finn Tokvam
Med seksere på terningen og ei enorm oppslutning både heime i Bergen og landet rundt kjem endeleg Finn Tokvam til Gudbrandsdalen. Vi får oppleva humor og skråblikk frå ein sterk vestnorsk stemme.
Finn Tokvam kjem frå Flåm i Sogn men arbeidar og bur i Bergen. Han er humorist, kåsør, programleiar, journalist, forfattar og artist, og jobbar i spennet mellom fagjournalistikk og rein underhaldning. Finn blei tildelt Målprisen frå Noregs Mållag i 2008. Han har 20 års røynsle frå TV i program som P:I:L:S og Radio Røynda på NRK, og har dei seinare åra vore gjest på Nytt på Nytt og fleire gongar i panelet til Brille. Finn har vore spaltist og kåsør i Bergens Tidende, hatt sitt eige talkshow Folk & Finn og er ein velkjent vokalist i populærorkesteret Finn-Erix.
Hausten 2024 gjekk han endeleg på scenen med sitt første soloshow Velkomen, og i september kjem han til Rudi.
Velkomen!


LAURDAG 06.09 - kl. 21.00
Haustfest med Staut og Arild Skar Band
STAUT er faste gjester på Rudi Gard på haustparten. Med kjente og gode låtar, flotte tekster, glitrande spellemenn blir det alltid stemning når våre gode naboar frå Valdres kjem til gards.
Etter STAUT kjem Arild Skar band på scena. Arild er grand old man i Dølarockens verden, og allsangen fortsett med liv og lyst over heile gardstunet.
18 års aldersgrense


FREDAG 22.08 - SØNDAG 24.08
Nygaardfestivalen 2025:
– til Jon Faukstad si ære!
Oddvar Nygaard var den fremste trekkspelaren i Gudbrandsdalen i si samtid. Oddvar inspirerte og var kjend med mange, og festivalen heidrar kvart år ein spelmann eller ei gruppe.
I 2025 er det Jon Faukstad som står i fokus. Jon har vore fulltids trekkspelar heile sitt vaksne liv. Det er i år 60 år sidan han hadde sin radiodebut og har deretter vore å sjå og høyre utallige gonger i NRK. Han begynte å spela til dans som 14-åring, etterkvart også med felespelarar, inspirert ikkje minst av Oddvar Nygaard og hans kvartett. Men Jon interesserte seg også for klassisk musikk, og han tok si utdanning i musikkvitskap ved Universitetet i Oslo og i klassisk trekkspel ved Det kgl, danske Musikkonservatorium i København.
Han har reist verda rundt, både med og utan trekkspel og vart fyrste professor i trekkspel ved Norges musikkhøgskole. Som pedagog har han forma ei lang og glitrande perlerad av trekkspelarar, og mange av desse får vi møte denne helga.
Fredag blir det jubileumskonsert for Fron Trekkspelklubb, og dans til påmeldte grupper. Laurdag blir det formiddagsdans, allspel, samtalekonsert, boklansering, ungdomskonsert og festkonsert og dans i to etasjar av Rudilåven. Søndag avsluttar vi helga med spelmannsmesse i Sør-Fron kyrkje.


TORSDAG 21.08 - kl. 20.30
Elvis - 90 årsjubileum for kongen
Med Ole Jonny Bekkemellem, Tina Lie og husbandet til Bergen Elvis Fest
I 2025 er det 90 år sidan Elvis vart født. Det må vi feire, og vi gjer det i lag med Bergen Elvis Fest! Bli med på ein kveld der den unike musikken til Elvis Presley og hans musikalske røtter og arv står i høgsetet. Elvis skal ha sagt at “The only music that really arouses me other than rock ‘n’ roll is gospel.” Han var også tett på både countrymusikk og rhythm & blues. Difor er musikken til Elvis eit mangfald av musikkstilar og dette mangfoldet kan du oppleva denne festkvelden til Elvis si ære.
Ole Jonny Bekkemellem og Tina Lie er båe frå Gudbrandsdalen, og dei er vokalister med lang fartstid og store merittar. Bergen Elvis Fest Band er backing for ei rekkje stjerneartistar og har eit fantastisk sound.


TORSDAG 07.08 - kl. 19.00
LAURDAG 09.08 - kl. 19.00
Bryllupet på Hægstad
Festmiddag med Stjerneskodespelarar og Kvarts
Alt ligg til rette for ei unik oppleving midt i vakre Gudbrandsdalen når Rudi Gard og Peer Gynt inviterer til det berømte Bryllupet på Hægstad fra Henrik Ibsens Peer Gynt. Publikum er gjester i bryllupet og kjem tett på karakterer som Hægstadbonden, Peer, Solveig, Mor Åse, Aslak Smed og brudeparet Ingrid fra Hægstad og Mads Moen. Men i tillegg til teksten Ibsen har skrevet, kva anna kan ha skjedd i dette sagnomsuste bryllupet?
Kva skjer egentlig på tunet mellom middag og dessert? Korleis vart brudgommen så tafatt, og kvifor vil Hægstadbonden gje bort dotter si akkurat til han? Kva får Ingrid til å låse seg inne på stabburet?
Som publikum får du oppleva bryllupet frå innsida, sjå dei hemmelege blikka, høre talene og underholdninga, og ikkje minst smake det ypperste av kva storgardens kjøkken og vinkjellar byr på. Hægstadbonden er ein av dalens rikaste bønder, og når dottera Ingrid skal gifte seg, spares det ikkje på noko.
Forestillinga veksler mellom mat, tid til å prate med dei ein sit i lag med, teater og musikk. Etter forestillinga blir det høve til å hygge seg vidare på Rudi Gard, med noko godt i glaset og meir musikk.
Forestillinga er eit samarbeid mellom Kulturfestivalen Peer Gynt og Rudi Gard, og ein samproduksjon med Den Nationale Scene i Bergen.












SØNDAG 03.08 - kl. 19.00
Ibsen på 78 minutt
av Knut Nærum
Den verdskjente dramatikaren Knut Nærum, som ofte blir nemnd i same åndedrag som Ibsen og Fosse, har teke på seg oppgåva med å skrive «Henrik Ibsens Samlede Verker på 78 minutter». Med brask og bram, og inspirert av alt frå actionfilmar og musikalar, til sportssendingar, politikarar og Gudbrandsdalen, leikar tre skodespelarar seg gjennom Ibsens 28 teaterstykke på litt over ein time. Velkommen til ein storslått kveld på Rudi Gard!
Forestillinga er eit samarbeid mellom Kulturfestivalen Peer Gynt og Rudi Gard, og ein samproduksjon med Den Nationale Scene i Bergen.


LAURDAG 02.08 - kl. 19.00
Dølarockens Festkveld
Kl 19.00 Jubileumskonserten Baksia 50 år!
I 2025 er det 50 år sidan Baksia var samla til speling første gong. Jubileumskonserten oppsummerer 50 år med kultbandet, og ei rekkje tidlegare medlemmar kjem på scena.
Kl 21 Fest med "Fem modige menn” og Baksia
Arven etter Baksia lever vidare og ungdommane i «Fem modige menn» er mellom dei som tek Baksia sitt repertoar vidare. Her lovar vi full fest for både gamle og unge på scena og i salen.
Shang hai o hoy!
18 års aldersgrense etter kl. 21.


LAURDAG 26.07 - kl. 20.30
Henning Kvitnes og gutta i bandet
"Mens jeg ennå er 66"
6 Guttær på scenen – og eit flunkande nytt album i den digitale bagasjen – ute i god tid før turne. 48 år etter at Henning begynte å turnere, og rett før han går ut i pensjon – hvis det finnes?
Forutan nye sanger, har Kvitnes eit skamlaust stort repertoar å velge frå. Konserten inneheld både det beste av de nye, og publikumsfavorittar gjennom fleire tiår. «For sånne som oss» - «Evig eies...» - «Guttær» - «Back to Little Eden» med fleire. Og du vil møte kassegitarer, mandoliner, korstemmer, dobroer, piano, perkusjon og basser i dei fleste størrelser. Og – ein dæsj vrenggitar.....
Og – truleg er dette siste runden for Henning Kvitnes i dette formatet og størrelsesorden, så her er det berre å henge seg på!


FREDAG 18.07 - kl. 19.00
Bjørn Eidsvåg med band
Etter eit halvt århundre i musikkbransjen står Bjørn Eidsvåg som ein bauta i norsk musikkliv. Han spelar omlag 80 konserter kvart einaste år, i alle landets kriker og kroker. I 2024 fylte Bjørn 70 år i eit fullsatt Oslo Spektrum, og han har siste året spelt for fulle hus over heile landet med jubileumsturnéen «Ingen vei tilbake».
Sjølv etter ei lang og solid karriere er Bjørn stadig aktuell og evner å fornye sitt musikkuttrykk. I 2023 var han å sjå i TV2-programmet «Hver gang vi møtes», og hans program hadde sjåarrekord og vart den mest sette episoden i historia til programmet. Etter programmet entra fleire av Bjørns tolkninger topplisten over dei mest populære låtane på Spotify i Norge.


ONSDAG 09.07 - kl. 20.30
Stein Torleif Bjella med band
Stein Torleif Bjella er midt i sin travaste sesong nokon sinne. Etter eventyrleg suksess i årets «Hver gang vi møtes», har Stein Torleif Bjella og bandet fylt spelestader over heile landet. Og turneen fortsett langt inn i hausten 2025.
Som alltid kombinerer Bjella det ettertenksame med det hjertevarme, og konsertane treff både hjerterota og dansefoten. Med seg på vegen har Bjella sitt faste og dyktige band: Geir Sundstøl (gitar), Eirik Øien (bass), Kenneth Kapstad (trommer) og David Wallumrød (tangentar).


LAURDAG 07.06 - kl. 21.00
Såmmårfest
med Hillbabies og VON
Ein skikkeleg forsommarfest med Hillbabies og VON er tradisjon, og også i år gjester dei Rudilåven med drivande folkeleg rock’n roll denne første laurdagen i juni.
Hillbabies har som navnet seier henta innspirasjon frå orginalen i Hallingdal, og det gjer dei på ein overbevisande måte. VON kjem med eigne låtar, og det let som ei kule når dalens mest erfarne rockarar dreg i gang til såmmårfest!
18 års aldersgrense


LAURDAG 10.05 - kl. 20.30
UTSATT | Vi skulle ha vøri heme nå…..
Håkon Sveen, og Svein Arild Johnsgård, Evald Langsjøvold og Tore Larsen
Håkon Sveen har levd som fulltids humorist ei årrekke, og n’Jalmar er vel langt på veg å rekne som Gudbrandsdalens svar på Arthur Arntzens «Oluf».
Johnsgård og kompani har slått seg i lag for å hylle viseskatten frå Stangegruppa Vandrerne. Svein Arild og Evald er kjent for mange frå utallige konsertar med både den musikalske humortruppen i «Eau de vill» og frå Dalarne Femund Spelmannslag. Ja, det er dei du har sett i Lang-Knut gården, kvart einaste år under Rørosmartnan. Tore Larsen er sentral i bandet Return.
Saman inviterer dei til trivlege kveldar med glade sanger og tullhistorier. Trioen speller stadig omkring i Innlandet til latterkuler og gode omtaler. Dei har også konsertert til bravour med Solheimkoret, og publikum sett stor pris på visene og ikke minst tekster dei kjenner seg att i.


FREDAG 09.05 - kl. 19.00
Folkemusikklinja på Vinstra med gjester
Landslinja i folkemusikk ved Vinstra Vidaregåande skule held vårkonsert på Rudi Gard.
Gjennom skuleåret lærer elevene seg å arrangere låter og slåtter, og å stelle i stand konsertar. Folkemusikkelevane seier sjølv at konserten på Rudi Gard er eit høgdepunkt dei gler seg til. Spelemannslag Spira inviterer til konsert med variert program. Både nykomponerte og tradisjonelle slåttar er med, og det blir dans, sang og spel.
Etter konserten blir det dans til grupper og spelemannslag frå dalen. Lom juniorspelmannslag, Sør-Fron juniorspelmannslag, unge trekkspelarar frå Sør-Fron, og Lom og Skjåk kulturskole kjem, og enda fleir er i vente.


SØNDAG 02.03 - kl. 19.00
Nina Fjeldet: Ômvesla
Ein fortellarkonsert om å satse, om å reise og om å bli.
Nina Fjeldet er ei kvinne i sin beste alder. Saman med fela reiser ho gjennom livet og møter folk og historier langs vegen. I forteljarkonserten «Ômvesla» tek ho publikum med på ei reise frå Gudbrandsdalen til Indre Troms, via Palmehaven i Trondheim, konsentrasjonsleiren Auschwitz og langs landevegen med romanifolket. På vegen møtes fridom og forfølgelse, framskritt og fattigdom, felespel og forteljarglede. Og som ein raud tråd står folket midt i verda og gjer så godt dei kan.
Nina har arbeidd i folkemusikken- og folkedansens tjeneste i to tiår, dei siste 10 åra med base i Målselv i Indre Troms. Ho formidler gjerne til barn og unge, elskar å spele til dans, og har turnert med dansekompaniet Kartellet, familieframsyninga «Danse, sa fela!», «Landslaget for spelemenn» og meir. Ômvesla er hennes fyrste soloframsyning.
Tekst og musikk: Nina Fjeldet
Tekstleg rettleiing: Liv Gulbrandsen
Regi: Silje O. Hålien
Produsert av Riksscenen, støtta av Norsk Kulturråd.
TORSDAG 13.02 - kl. 09.00
Fornybar Energi
Fagdag på Rudi Gard
Bio, sol, vind, jord, gass – optimalisering og lagring. Moglegheitene er mange, forutsetninger og behov er ulike og fasit finst ikkje.
Denne dagen kan du møte mange som har erfaringer i både praksis og teori, og ein drøss med leverandørar.
Interessant og på grensa til morosamt, er det også. Ingen reddar verda åleine men det er meiningsfullt å bidra, og når det attpå til kan vera lønnsamt blir det enda betre!
Velkome!
Arrangementet er gratis, med påmelding innan måndag 10.februar til oystein@rudigard.no eller sms til 91 38 53 88


LAURDAG 08.02 - kl. 19.00
Marie Klåpbakken med band
Vinstrajenta Marie Klåpbakken debuterte med albumet «Framtida» i 2012, og har sidan den gong utvikla seg til ein solid artist. Ho har nådd ut til publikum med si klare stemme, sitt unike felespel og naturlege scenesjarm.
Med over fire millionar strøymingar på Spotify og samarbeid med namn som Vinni, Admiral P og Gaute Ormåsen, har ho etablert seg som ein spennande artist som stadig utfordrar og engasjerer.
No har ho med seg ei sterk gruppe allsidige musikarar som tilfører eit rått uttrykk og eit solid musikalsk driv. Bandet består av Olav Mjelva, Oskar Reuter og Jens Linell (kjend frå det nordiske folkemusikkbandet SVER), Michael Caplin og Kristina Moen Rousing.
I 2024 har Marie gitt ut singlane «Mazda 1985» og «Alltid i hjertet», som raskt blei favorittar hjå publikum og lista på NRK P1.
Den 7. februar kjem albumet Her og nå. Det er mykje å sjå fram til frå Marie Klåpbakken, inkludert sleppkonserten på Rudi Gard i februar!


Fredag 03.05 - kl. 19.00
Spira Spelmannslag og gjester
Konsert og dans
For tredje år på rad inviterer spelemannslaget Spira ved folkemusikklinja på Vinstra VGS til vårkonsert på Rudi Gard.
Også i år får Spira besøk av både senior og junior spelemannslag som spelar opp til dans etter konserten.
Ingen grunn til å sitta heime denne fredagskvelden - velkomé!






































