SØNDAG 11. JUNI KL. 20.30

Bukkene Bruse:

Annbjørg Lien, Steinar Ofsdal og Arve Moen Bergset

11.06.23

Den populære og trendsetjande folkemusikkgruppa Bukkene Bruse er attende!

Bukkene Bruse vart skipa i 1989, av Annbjørg Lien, Arve Moen Bergset og Steinar Ofsdal. Trioen fekk raskt mykje merksemd, og representerte Noreg i utlandet ved fleire høve. Dei var offisielle OL-musikarar under Lillehammer-OL i 1994 og dei reiste rundt med Dronning Sonja sin Vinterutstilling til Atlanta, Tokyo, Barcelona og München. Dei var ofte framme i media, gav ut fem album, og dei har motteke både Spellemann-pris og Prøysen-pris for musikken sin.

Vi gler oss stort til å høyre denne legendariske trioen på Rudi Gard ein fin sommarkveld!

Billett : 290,-

Praktisk informasjon:
Dato:
11.06
Pris:
290,-
Konsertstart:
20.30
Ope gard:
19.00

Bukkene Bruse er:

Annbjørg Lien– hardingfele, nyckelharpa
Arve Moen Bergset– kveding, fele, hardingfele
Steinar Ofsdal – fløyter

I 2020 gjenoppstod gruppa i det originale trioformatet. Arve Moen Bergset - den unge gutestemma hans vart landskjend, og då han havna i stemmeskiftet var det ein nyhet i Dagsrevyen! Annbjørg Lien var også legendarisk allereie som ungdom, som drivande dyktig felespelar og eit førebilete for unge jenter og gutar i folkemusikken. Steinar Ofsdal var allereie ein godt etablert artist då gruppa vart danna, med ei lang rekke plateinnspelingar bak seg, og som programleiar i NRK.

Om Bukkene Bruse