LAURDAG 12. AUG KL. 19:00

Dølarockens festkveld

12.08.23

Dølarock er fellesarv med fanskare frå dei yngste til dei eldste. Med eit stort felles repertoar er det ikkje langt etter allsang og glede.

PROGRAM:

Kl 19.00 Minnekonsert for Trond Halle

Trond Halle var ei legende i Gudbrandsdalen – Dølarockens far! Trond var spelemann heile livet, og stod på scena i Rudilåven aller siste gongen i august 2020. Musikkvenner vil heidra og minnast Trond denne kvelden, og på scena kjem sjølvsagt Baksia med ei rekkje gjestesolistar.

Etter konserten blir det ei god pause før festen er i gang – ein fest som også er legendarisk! (Billett 390,- inkl fest)

Kl 20.30 Middag (bordbestilling)

Kl 22.00 Fest med Baksia, Arild Skar duo og "Fem modige menn”

Billett: 390,- / 85,- u. 18 år

ID: 18 år etter kl. 21.00

Praktisk informasjon:
Dato:
12.08
Pris:
390,- / 85,-
Konsertstart:
19.00
Ope gard:
18.00

Dølarockens festkveld

BAKSIA

Baksia har vore fast på Rudi i august i over 20 år. No tek nye solistar plassen til nestor Trond Halle, og bandet, låtane og stemninga – det er den same!

Fem modige menn

Fem modige menn titulerar seg som dølarockens sønnar, er ein gjeng unge musikere frå Gudbrandsdalen. Med stor respekt for låtane tek Eskil Meldal og resten av bandet dølarocken vidare til ein ny generasjon.

Arild Skar duo

Arild Skar har eit trufast publikum av både unge og godt vaksne. Han har vore ein del av musikkmiljøet i Gudbrandsdalen i nærare 40 år, og er ein av pionerane i dølarockmiljøet. Han har opptredd både som trubadur og med band i mange år, og produserer stadig nye songar på fronsdialekt. Saman med Øivind Skurdal kjem han for å synge sine særeigne tekster om tida som var, gjerne i møte med den verda vi lever i dag. Draumane til Urban døl, og klassikaren Horten Hus blir framført i ny versjon. Låter, så som Slepp me te og Ongkar frå Lesja, har for vane å få allsangen til å ljome i veggane.