TORSDAG 27. JULI KL. 21:00

Festivalkveld med Odd Nordstoga

27.07.23

Odd er ein gamal kjenning på Rudi Gard. Heilt siden grisen hyla rett etter årtusenskiftet har Odd vore innom rett som det er. Ja – faktisk før det også, med legendariske «Nivelkinn».

I år kjem han midt i ferietida – ein torsdagskveld. Det blir varmt og godt, og det blir stor stemning. Det er sitteplassar på galleriet, og i salen blir det ståande publikum, dans og glede i Rudilåven denne kvelden. Og i tunet vil trubadur og spelemenn halde livet i gang både før og etter konserten. Storvegs blir det!

Billett: 490,-

Dette skjer på Rudi 27.07:

Kl 9 - finværet kjem

Kl 15 - innsjekk på rom (utseld)

Kl 18 - utstillingsopning Arne Johs Mortensen

Kl 18 - heilgrilla Forrgris og godt frå Rudikjøkenet (utseld)

Kl 18.30 - Trubadurar og spelmenn i tunet

Kl 19 - Avduking DSGSV med taler, kunstnarinnslag

Kl 21 - Odd Nordstoga med band

Kl 22.30 - Trubadurar og spelmenn i tunet

Praktisk informasjon:
Dato:
27.07
Pris:
490,-
Konsertstart:
21.00
Ope gard:
15.00

Om Odd Nordstoga

Få maktar å skildre poesien i kvardagen slik som Odd Nordstoga, utan at det blir klisjefylt eller svulstig. Han syng om skogen, om hausten. Om å lengte attende til sommaren. Om dagane som kom og gjekk. Han får oss til å danse, sjølv om vi ikkje kan det, og til å synge med av full hals om denne grisen som står og hyler.

Det er aldri nokon tvil om at denne mannen lev for å spele for publikum, og det er jammen ikkje rart at publikum over heile landet har trykka han til brystet, både i høgtid og på fest. Og med seg på vegen har han alltid det ypperste stjernelaget av musikarar her til lands. Ein konsert med Odd Nordstoga føles rett og slett som ei vitamininnsprøyting, anten det er aleine, med fullt band, med andre musikalske gjestar, eller med strykeorkester.

Odd er ein slags nasjonalleverandør av kvalitetsmusikk, og i haust er han klar med eit splitter nytt album med tittelen «Inn i skogen». Så ber det ut på sleppturne med det glimrande bandet sitt, med både gamle og nye hits i skreppa.