FREDAG 15. NOV - KL. 19.00

Iren Reppen med "Terje Nilsen altså"

og gode førjulssmakar frå Rudikjøkenet

15.11.24

Ein førjulskveld med god mat, god drikke, god musikk og nordnorsk humor. Vi duker med rakfisk, sylt, lefse og andre godsmaker i førjulstida, og alle som kjem denne kvelden får bord i Rudilåven. Matgildet tek til kl 19.00.

Når vi er mette og gode og klare blir det underhaldning. I lag med gitarist Håvar Langås Bendiksen spelar Iren Reppen ei konsertforestilling til ære for deira felles store helt: Terje Nilsen. Bodøs store sønn. Terje var den cooleste av dei coole. Fordi han levde som han gjorde, sang som han sang, skreiv tekster om kjærleikslengsel, om byen, om naturen, om øl, om forskjeller. Og ikkje minst om seg sjølv. Briljant og morosamt.

Iren Reppen seier:

Eg var så heldig å både få møte og syngje med Terje, men likevel - mannen vart ikkje mindre mysteriøs. Musikken og universet som finst i tekstene hans har alltid blanda seg saman med kven eg trur Terje er. Og eg veit at eg ikkje er åleine om å ha det slik!

Billett: kr 890,- for konsert og mat med identitet og historie!