FREDAG 13. DES - KL. 18.00
Jul med valdresmål...
og meining
13.12.24
Jul med Valdresmål og Meining har dei siste åra blitt eit av årets høgdepunkt for kvartetten Gaute Lein, Lars Jemterud, Ørnulf Dyve og Kasper Dyve. Sjølv om både Gaute og Ørnulf turnerer store delar av året med flaggskipet STAUT, er begge samde om at jula med konsertane heime i Valdres byr på noko nært og unikt, som dei kanskje ikkje opplever elles i året.
Sidan heile konserten foregår på heimedialekta, og samtidig inneheld både musikk, historier og poesi, fall tittelen heilt naturleg for dei fire gutane.
«Eg gler meg skikkeleg. Det å komme heim til Valdres i jula for å spele desse konsertane er utruleg kjekt, og eg gler meg meir og meir for kvart år. Vi legg ned mykje innsats for at alle detaljar skal bli så bra som mogleg, og all den positive responsen har vore overveldande,» seier Kasper i samband med billettsleppet 1. september.
Vi er heldige som får ta i mot karane når dei kjem over fjellet. I tillegg blir Vegard Moshagen og Øystein Rudi med som gjesteartistar. Vel møtt til konsert!
Billett: kr 450,- // 295,- under 18 år


Tilvalg kan vera:
Kl 20.00 - Julemiddag med den beste ribba. Og kjøttkaker, julepølse, poter og surkål og raudkål og tyttebær og heimebåkå flatbrød. Og riskrem med rau saus. Og kaffe. Bordbestilling og stor pågang. Billett kr 890,- inkl konsert. Bestill her eller til oystein@rudigard.no.
Og da blir du sikkert også med på:
Kl 22.00 – Låvepøbb med Landsfestivalvinnar Simen Håland, og store sjanser for innhopp av spellekåte jammere utover kvelden! Inkludert i pris for alle som er på konsert og middag, ellers kr 190,-.
Dette blir årets siste i Rudilåven 2024 – velkomen og takk alle!