LAURDAG 19. OKT - KL. 19.00
Nye Ringnesin 40 år
Jubileumskonsert, dans og midnattskonsert med Folk Chamber
19.10.24
Nye Ringnesin – namnet er lånt frå spelmannslegenda Ola Ringneset, som levde frå 1811 – 1902. Trekkspelar John Egil Odnes er tippoldebarn, og han var fyrst med å starte gruppa «Ringnesin» som vart til «Nye Ringnesin» i 1984. John har vore ryggraden i gruppa i alle år, og fleire har vore innom på ymse instrument. Nokre av desse er vi heldige å ha med oss som gjestespelmenn denne festkvelden, og barn og barnebarn er også med i jubileumskonserten.
40-årsjubilanten består i dag elles av Øystein Rudi (fele), Bjarne Odde (bass), Kjell Grothe (trekkspel) og Kåre Vennevik (gitar).
Programleiarar denne kvelden er ingen ringare enn Even Lusæter og Hans Solbakken, og dei går for lett og munter stemning i lag med Håkon Sveen som vil spre verbale diktperler over spelmannsmusikk og tradisjonskultur. På scena kjem også Reidar Svare, Eivind Bakken, Ola Bruøygard, Leif Inge Schjølberg, Rikard Odnes, Hedda Louise Barhaugen, Synne Grothe, Lene Grothe, Jertru Skogen, Eirik Schjølberg, Anders Schjølberg, Bjørn Kåre Odde, Mads Erik Odde, Skultbakkalaget, Vågå toradergruppe, Visdal’s Kvintett – og Nye Ringnesin
Spelmannslaga i Lom og Vågå stiller mannsterke med drivande god dansemusikk, og parketten er lagt for kvelden i Rudilåven. Dansen vil gå frå kl. 21 – 23.30, og da blir heile festlyden invitert ut på jubileumspons rundt bålet, før det ber inn at i Rudilåven til midnattskonsert med Folk Chamber. Vi lover – denne avrundinga av kvelden blir musikkmagi!
To konsertar, dans, og jubileumspons – kr 390,- / 100,- under 18 år
Desse spelar til dans:
20.45 Lom Spelemannslag
21.15 Vågå Toradergruppe
21.45 Skultbakkalaget
22.15 Vågå Spelemannslag
22.45 Visdals Kvintett
23.15 Nye Ringnesin
Midnattskonsert:
Folk Chamber II
Denne helga lanserer Bjørn Kåre Odde oppfølgjaren til platesuksessen "Folk Chamber" - ny folkemusikk for seks strykarar. Bjørn Kåre har skrive kammermusikk som sprenger grenser mellom folkemusikk og kunstmusikk, og han har fått med seg kremen av musikarar som behersker begge musikkformene. Overskrifta til prosjektet er «vakre kontrastar» - her får du oppleva tette og spennande klangar så vel som svingande hallingrytmar.
Med:
Bjørn Kåre Odde, fele
Vegar Vårdal, fele
Marius Westling, fele og bratsj
Elin Marie Christensen, bratsj
Carmen Bóveda, cello
Jo Fougner Skaansar, kontrabass