FREDAG 23. - SØNDAG 25. AUG

Nygaard-festivalen 2024:

Spel- og dansetreff på Rudi – til Sven Nyhus si ære!

23. - 25.08.24

Oddvar Nygaard var den fremste trekkspelaren i Gudbrandsdalen i si samtid. Frå starten dyrka han eit breitt repertoar med underhaldningsmusikk og klassiske verk, og han etablerte slåttestilen innan gamaldansen. Til stor jubel, stappfulle hus, Spellemannspris og heider og ære. Det skulle berre mangle om ikkje Oddvar vart heidra med ein eigen festival i heimbygda, og her er den.

Oddvar inspirerte og var kjend med mange, og festivalen skal også heidre andre markante tradisjonsbærarar. Sven Nyhus var nær kjenning av Oddvar. Det var ikkje så mange som levde av tradisjonsmusikk og gammaldans i etterkrigstida, og dei to var pionerar og musikarkolleger. Årets festival minnes Sven særskilt, både gjennom ord og tonar.

Vi inviterer til spel og dans, campingliv og natterangling – om du vil!

Fredag 23. august

Kl 19.00 «Kvarts med gjester – 25 år etter Nygaard-eksamenen»

«Du skal skrive om Oddvar Nygaard!» Dette var professor Sven Nyhus si klare befaling når trekkspelar Jo-Asgeir Lie skulle velje tema for hovudfagsoppgåva ved Norges Musikkhøgskule. Til eksamen trong han ein kvartett og dette vart starten på Kvarts. Nokre musikalske gjestar blir med, og det blir gjenhøyr med kjent repertoar og noko nytt.

Kl 21.00 Sven Nyhus-bonanza - minglesamspel i Rudilåven der alle er velkomne til delta og spela Sven-låtar

Kl 22.00 Uhøgtidleg samspel og dans i Rudilåven

Laurdag 24. august - Festivaldag med konsertar, historier og dans.

Kl 10.00 - 14.00 Kurs i runddans og springleik

Dansekurs i regi av Folkedans Innlandet for både nye og erfarne dansarar. Instruktørar er Vegar Vårdal, Åste Sulheim Viken og Magnhild Moen Helland.

Kl 12.00 Formiddagsdans i Rudilåven med Pianokameratene og Grindstuen og Midtli’s orkester

Kl 14.00 «Sven Nyhus - pioner og spelemann av breitt format»

John Ole Morken er spelmann, og kjent som programleiar i folkemusikktimen i NRK. Han er ein kjennar av Rørosmusikken, og i lag med gode gjester blir det både fengande slåttar og gløtt inn i spelmannslivet til Sven - eit av dei aller rikaste som er levd. Gjester i sofaen er Åshild Breie Nyhus, Tore Løvgreen, Jo-Asgeir Lie, Øystein Rudi, Hallgrim Berg og Simen Håland.

Kl 16.00 Ungdomskonserten 2024

Det kryr av unge som spelar, og mange har komposisjonar av både Sven Nyhus og Oddvar Nygaard på repertoaret. Til denne eftaskonserten er unge under 25 år særleg invitert, og ei hyggeleg påskjønning ventar den framføringa som gjer sterkast inntrykk. Programleiar er Odd Arne Halaas.

Sponsa av Sparebank 1 Gudbrandsdal, Gudbrandsdal Energi og Norske Trekkspilleres Landsforbund.

Kl 19.00 Festkonsert for Sven Nyhus

Sven Nyhus kvartett er legendarisk! Dottera Åshild Breie Nyhus held musikkarven ved like, og det blir storvegs når ho overtek felestemma. «Utan Tore Løvgreen ingen kvartett» - det er Sven sine ord, og Tore er med. Tor Bekkelund spelar gitar og Tom Willy Rustad kontrabass. Etter pause kjem gjestande grupper og lag på scena med låtar i Sven Nyhus si ånd. Velkome til gjenhør med låtar som sit spikra i den norske gamaldanstradisjonen. Programleiarar: John Ole Morken og Odd Arne Halaas

Medvirkande: Sven Nyhus Kvartett, Grindstuen og Midtli’s orkester, Mukampen Spelemannslag, Odd Arne Halaas, Kvarts, Pianokameratene, Sør-Fron Spelemannslag og konserten avsluttes med to heidundrande fellesnummer, Klemmit Ola og Bergrosa

Kl 21.00 Dans i Rudilåven og i fjoset med same aktørar som over.

Søndag 25. august

Kl 12.00 Spelemannsmesse – «Bergroser og pols i Sør-Fron kyrkje»

Ei spelmannsmesse som løfter kyrkjetaket i Gudbrandsdalsdomen! Oddvar Nygaard fekk aldri oppleva å framføre musikk i Sør-Fron kyrkje. Men tidene har endra seg. Vi er glade for eit svært godt samarbeid med kyrkja, og for at ei spelmannsmesse kvart år kan runde av festivalen. Sven Nyhus sin musikk vil i år setja preg på innhaldet, og det er stor stas at Nyhus kvartett, no med Åshild Breie Nyhus på fele leier an. Det vil og bli utdrag frå Jo Asgeir Lie sin nye folkemusikkliturgi, som samlar stadig fleire under kyrkjetak landet rundt. Messa opnar med reinlenderen Klemmit Ola, og Bergrosa blir eit stort og verdig avslutningsnummer, og spelmenn og kvinner frå nær og fjern er invitert til å delta.

Velkomen til spelemannsmesse! Gratis inngang.

Program:

Det blir som tidlegare høve til å reservere plass for telt, campingvogn eller bobil ved tunet på Rudi Gard, og det finst flust med overnattingsstader i området.

Camping rett ved Rudilåven kr 1000 pr vogn for helga inkl strøm. Telt gratis.

Reserver plass til oystein@rudigard.no

Thon Hotel Partner Vinstra Dobbeltrom 1895,- / Enkelt kr 1595,- pr natt.

Reserver rom til +47 61296749 eller vinstra.resepsjon@olavthon.no

Meir om andre overnattingsmoglegheter finn du her!

Overnatting