Overnatting på garden

På Rudi gard kan vi tilby overnatting for heile vennekretsen eller storfamilien. Er du på gjennomfart, gjest på eit av våre arrangement, eller berre har lyst på eit realt gardseveentyr? Her har vi uansett husrom til alle og ein kvar.

For booking send e-post til oystein@rudigard.no

Stabbursuite // Ei dobbeltseng og ei familekøye // Bad og kjøken //

Glas-stabburet

Glasstabburet kjem opprinneleg frå garden Korstad i Øverbygda, der det kom i vegen for utviding av fylkesvegen. Vi har innreidd det med moderne baderom og kjøkken, ei familiekøye i 1. etg og himmelseng på loftet. I tilbygget kan du nyte fantastisk panoramautsikt over tunet på Rudi og Sør-Fronsbygda.

Dobbeltrom i stabbur, 1.etasje // Ei dobbeltseng //
Bad og kjøken

Nystabburet 1. etasje

Rommet har den gamle sjela frå generasjonars bruk til magasin for mat og saker, og er no forsynt med ei god dobbeltseng, bad med dusjveggar frå dei Gudbrandsdalske steinbrott, liten kjøkenkrok og gode stolar.

Rom i stabbur, 2. etasje // To enkeltsenger // Bad

Nystabburet 2. etasje

Rommet har to gode enkeltsenger, bad og kanonutsikt over tunet. Er dykk ein familie eller større gruppe, høver det fint å leige fleire rom vegg i vegg.

Tømmerhus // Fire soverom // To bad

Gammelstuggu

Gammelstuggu er føderåda som ligg midt i gardstunet på Rudi. Huset har fullt utstyrt kjøkken, store stover og soveplass til seks personar. Det er to soverom med dobbeltseng, som er tilknytt kvart sitt rom med enkeltseng. Langs langbordet i bakstugu er det plass til 14 personar, så huset er perfekt som base for større grupper.