FREDAG 22. & LAURDAG 23. NOV - KL. 19.00

Rudi Gard feirer 25 år med storvegs jubileumsforestilling

22. & 23.11.25

Vi feirer 25 år med arrangement på Rudi. Meir enn 1500 arrangement har det faktisk vorte på desse 25 åra!

Fron Lasskjørarlag byr på hesteskyss, det blir bål og fakler og stemning på tunet, og Rudikjøkenet får hjelp av Anni’s pølsemakeri og Jotunheimen fisk, og byr på fingermat der Gudbrandsdalske råvarer får skinne i møte med eit forventningsfullt publikum.

Barbudeiene er i det ekstra generøse hjørnet og byr på velkomstdrink i fin innpakking.

Det blir mest av alt underhaldning, musikk og humor, og vi er stolte over å ha med oss nokre av dei aller beste folka frå ulike sjangere som har vore innom Rudi Gard desse 25 åra:

Henning Kvitnes – god musikkvenn frå langt sør i fjorden

Sigmund Kveli og Håkon Sveen med humor som gjer deg glad….

Kari Hanne Rudrud – stemmeprakta frå Fåvang!

Knut Buen – den ettertenksame poet-spelmannen som rører våre understrenger

Synnøve Brøndbo Plassen – kongepokalvinnar med allsidig repertoar

Bjarte Eike – turnerer verda rundt med Barokksolistene. Ein av dei aller beste

Kvarts har vore med på heile Rudireisa gjennom 25 år, og er sjølskrivne som kveldens husorkester, supplert av Birger Mistereggen på perkusjon og ein god ein vi kjenner på tangentar. Og med Tor Magne Hallibakken bak lydmikser og Jostein Kjorstad som lysmester – da blir det fint!

Sjølve vil vi vera vertskap og programleiarar for jubileumsforestillinga. Mest med blikket framover, men denne kvelden også attendeblikk på spennande år.

Etter forestilling blir servert ei god og varm supe, Barbudeiene er i enda betre form, og det blir ope hus utover førjulskvelden. Velkomen til jubileumsfeiring!

Helsing Nina og Øystein Rudi – vertskap på Rudi Gard.

Billett kr 990,- inkludert hesteskyss, opplevingar og smaker av skreddarsydd mat og drikke i tun og fjos, og jubileumsforestilling og suppe etter forestilling.