SØNDAG 20. OKT - KL. 19.00

Sondre Moshagen Audio Guide

20.10.24

Pianist Sondre Moshagen frå Vinstra studerar jazz ved konservatoriet i Trondheim. Sommaren 2024 vart Sondre plukka ut som den første nordmannen nokonsinne som deltakar på det prestisjefylte Gutenberg Jazz Collective og rykande ferskt: Sondre Moshagen Lightning Trio vart kåra til årets unge jazzmusikere 2024.

Hausten 2023 mottok Sondre Dølajazz sitt talentstipend, og han vart invitert til å lage ein konsert på årets hovudprogram med eigen musikk. I den anledning har Sondre samla nokre av favorittmusikarane sine frå den norske jazz- og improvisasjonsscena, og brukar moglegheita til å etablere eit nytt prosjekt. Musikken er inspirert av møte mellom natur og hektisk storbyliv, og blandar referansar frå 60-tals amerikansk frijazz, klassisk impresjonisme og norsk folkemusikk. I oktober spelar ensemblet sine aller første konsertar – 20. oktober blir dei å høyre på Rudi Gard!

Besetning:

Hans Kjorstad – fele

Guro Kvåle – trombone

Brede Sørum – altsaksofon

Sondre Moshagen – piano/komposisjon

Nicolas Leirtrø – kontrabass

Veslemøy Narvesen – trommer

Billett 390,- / 100 u 18 år.