SØNDAG 30. JUNI - KL. 20.30

Eva Weel Skram med band

30.06.24

Eva Weel Skram har lenge vore ein av våre mest folkekjære artistar, med låter som «Om du vil», «Selmas sang», og «Kom igjen». Skram har to album med norske tekster, «Finne heimfra» i 2018 og «Sleppe tak» frå 2021. Båe har hausta strålande kritikkar, og ærleg og musikalsk modent er to karakteristikkar som høver.

Eva Weel Skram er aktuell med ny musikk, og til hausten kjem hennar tredje album med norske tekster. Fengande melodier med sterke tekster er eit varemerke. I haust blir Eva og hennas musikalske kumpaner å oppleva frå scener over heile landet. Da er det storvegs at førpremiera rett og slett kjem her, på Rudi Gard i Gudbrandsdalen. Det lyt du få med deg, med ein knallgod middag før konsertstart!

Billett 490,-

«Eva Weel Skram har lenge vore ein av Noregs mest distinkte popartistar. Med albumet «Sleppe tak» ligg alt til rette for at ho skal bli allemannseige», skreiv Dagsavisen om sistnemnde album, noko som verkeleg kan seiast å ha slått til. Dei sterke songane frå dei to siste albuma har løfta Eva heilt opp i toppsjiktet av popartistar her til lands.

Eva Weel Skram er ein av landets aller mest folkekjære artistar, og står bak ei rekkje popklassikarar både på engelsk og norsk. Ikkje minst har Sogndalsjenta opparbeidd seg eit imponerande stort og trufast konsertpublikum over heile landet, etter å ha spelt på dei aller fleste kulturhus og klubb- og festivalscenar. Eva Weel Skram har gjeve ut to album med norske tekstar; "Finne heim" frå 2018 og "Sleppe tak" frå 2021, som har hausta strålande kritikkar, og blitt omtalt som både «brutalt ærleg» og "musikalsk modent".

Eva har gong på gong bevist at ho er ein meister på å tolke andre sine songar. I 2016 deltok Eva Weel Skram i TV2-suksessen “Hver gang vi møtes”, der ho sjarmerte det norske folk med sine unike tolkingar av Henning Kvitnes sin klassikar ”Evig eies kun et dårlig rykte” og Admiral P sin ”Snakke litt”. Den unisone begeistringa gav Eva den inspirasjonen ho trong for å byrje å teste ut sitt eige morsmål i låtskrivinga, og sidan har ho ikkje sett seg attende.

Om Eva